onsdag 22. februar 2012
  • Norsk
  • English
  • Deutsch
  • Heim
  • Om oss
    • - Kompetanse
    • - Kontakt
  • Nigardsbreen
    • - Blåis-familietur
    • - Blåistur-kort
    • - Blåistur
    • - Blåistur-spesial
  • Kurs
    • - Brekurs
    • - Klatrekurs
    • - Alpinkurs
    • - Mini-kurs
    • - NF-kvalifiserande kurs
  • Josten på langs
  • Toppturar frå Fondsbu
  • Private turar og kurs
  • Overnatting i Jostedalen
  • Vegar hit
  • Lenker
  • Generelle vilkår
  • Fotogalleri

facebook

nf-logo-gj

NYHENDE

Våre heimesidene - www.bfl.no - er nå oppdatert med dato og prisar for 2012.

 

 


Startsida Kurs - Alpinkurs

Alpinkurs

kamera_symbolKurset gjev ei grunnleggande innføring i is- og fjellklatring. Passar for den som har gjennomført brekurs eller har tilsvarande erfaring frå brevandring.
Dei to fyrste dagane blir det øvt på ulike sikringsteknikkar og redningsmetodar på bre samt isklatring og vandring i blåisen. Deretter går/klatrar ein opp heile Nigardsbreen til Steinmannen; ein lang dag i eit variert og mektig brelandskap.

img_0409

Kursveka held fram med klatring i øvingsfelt og fjell i Jostedalen med vekt på klatre- og sikrings-teknikkar og taulagsrutinar. Avslutningsturen går til Skeia (2118) og Veslebjørn (2150), ein fin, klassisk klatretur og travers i Smørstabbtind-massivet.

Dato: 01.07 - 07.07

klatring

Varigheit: 6 dagar
Aldersgrense: Min. 17 år
Krav: God form og brekurs
Tal pers: Maks. 3 pers.
Pris: Kr. 5500.- inkl. overnatting
Pris privat: 3 pers. kr. 6150.-
Tinging: Min. 3 veker på førehand.
Kursprogram: