onsdag 22. februar 2012
  • Norsk
  • English
  • Deutsch
  • Heim
  • Om oss
    • - Kompetanse
    • - Kontakt
  • Nigardsbreen
    • - Blåis-familietur
    • - Blåistur-kort
    • - Blåistur
    • - Blåistur-spesial
  • Kurs
    • - Brekurs
    • - Klatrekurs
    • - Alpinkurs
    • - Mini-kurs
    • - NF-kvalifiserande kurs
  • Josten på langs
  • Toppturar frå Fondsbu
  • Private turar og kurs
  • Overnatting i Jostedalen
  • Vegar hit
  • Lenker
  • Generelle vilkår
  • Fotogalleri

facebook

nf-logo-gj

NYHENDE

Våre heimesidene - www.bfl.no - er nå oppdatert med dato og prisar for 2012.

 

 


Startsida Nigardsbreen - Blåistur

Breføring på Nigardsbreen: Blåistur

På blåisturen kan du oppleve og utforske dei flottaste formasjonar og fargar i den nedre delen av bretunga. Dette er ikkje ein hard eller kondisjonskrevjande tur sjølv om den går noko lenger opp i brefallet. Ein har her godt utsyn til dei øvre snødekte delane av Nigardsbreen og Jostedalsbreen.

kamera_symbolEin flott tur mellom djupe bresprekkar og høge istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest majestetiske områda.

 

Fakta blåistur:

Dato og tidspunkt: 01.06 - 15.09 kl 12:15
01.07 - 25.08 kl 10:15
Varigheit:
På isen ca.3 timar. Totalt ca. 4,5 timar.
Aldersgrense:
Min. 12 år.
Krav:
Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller T-skjorte).Ta med varme og vindtette klede, mat og drikke.
Tal personar: Min. 2 per førar. Maks.16 per førar.
Pris:
Kr. 540.- inkl. komplett breutstyr.
Billettar: Breheimsenteret seinast 1 time før turstart.
Tinging: Berre til Breheimsenteret. Tlf. 576 83 250.
Frammøte:
Møt breføraren ved skilt GUIDE på parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet min. 30 min. før turstart.

Blåistur som privattur:

Aldersgrense: Min. 10 år.
Pris: 1- 3    pers. kr. 2400.- total.
4-10   pers. kr.   670.-/pers.
11-16 pers. kr.   600.-/pers.