A+ A A-

Breføring på Nigardsbreen: Blåisturen

På blåisturen kan du oppleve og utforske dei flottaste formasjonar og fargar i den nedre delen av bretunga på Nigardsbreen. Dette er ikkje ein hard eller kondisjonskrevjande tur sjølv om ein går noko lenger opp i brefallet enn på den kortare blåisturen. Ein har her godt utsyn til dei øvre snødekte delane av Nigardsbreen og Jostedalsbreen.

Ein flott tur mellom djupe bresprekkar og høge istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest majestetiske områda.

 

 

Dato og tidspunkt:

01.06 - 10.09 kl 12:15
01.07 - 25.08 kl 10:15

Varigheit:

På isen ca.3 timar. Totalt ca. 4,5 timar.

Aldersgrense:

Min. 12 år.

Krav:

Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller T-skjorte). Ta med varme og vindtette klede, mat og drikke.

Tal personar:

Min. 2 og maks.16 pers. per førar.

Pris:

Kr. 560.- inkl. komplett breutstyr.

Billettar:

Breheimsenteret seinast 1 time før turstart.

Tinging:

Berre til Breheimsenteret. Tlf. 576 83 250.

Frammøte:

Møt breføraren ved skilt GUIDE på parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet min. 30 min. før turstart.

 

Blåisturen som privattur:

Aldersgrense:

Min. 10 år.

Prisar:

1-3     pers. kr. 2580.- totalt.
4-10   pers. kr.   750.-/pers.
10+    pers. 10% rabatt.

03-05-2014

Nigardsbreen 2014

Sesongen på Nigardsreen startar den 15. mai med den korte blåisturen kl. 11:45 og frå den 1. juni blir også blåisturen kl. 12:15 gjennomført kvar dag.  

21-12-2013

Dato og prisar for sesongen 2014

Heimesidene våre er no oppdatert med aktuell info for sesongen 2014. Velkomen på turar og kurs på bre og fjell i 2014!

14-11-2013

2013

Takk for ein god tursommar!

Sviggum Design