A+ A A-

NF-kvalifiserande kurs

Jostedalen Breførarlag er godkjend arrangør av kvalifiserande kurs på nivå I og II i samsvar med Norsk Fjellsportforum (NF) sin Nasjonale Standard for kursarrangørar, instruktørar og førarar. Gjennom kompetansegjevande kurs og praksisordningar kan ein bli NF-godkjend bre-/klatreinstruktør og fjellkursleiar, det høgste kompetansenivået i NF. 

nf-2

NF-Metodekurs bre (I)

Eit 5 dagars kurs for dei som ynskjer å utdanne seg til assisterande breførar eller NF-godkjend breinstruktør.

Etter stått kurs og godkjend praksisperiode blir kandidaten godkjent som assisterande breførar. For å bli vidare godkjent som NF-breinstruktør og breførar må ein og ha gjennomført og stått.

 

NF-Vegleiarkurs bre (II)

Kurset oppfyller krava i NFs nasjonale standard for kvalifiserande kurs og legg vekt på dei teknikkar og metodar som krevst for god og trygg føring og seinare vegleiing på blåis og snødekt bre. Kurset blir - som i tidlegare år - heldt i samarbeid med selskapet Breoppleving.

NF-Redning- og metodeseminar bre

Seminaret er obligatorisk for instruktørar som skal kvalifisere seg til nivå II bre men skal og gje fagleg oppdatering og vedlikehald av kompetanse gjennom erfarings-utveksling med andre instruktørar og miljø.

Deltakarane skal på seminaret vise evne til vidaregåande kameratredning og elles solid eigenferdigheit på bre.

Seminaret skal og gje ei innføring i den alpine fjellredningstenesta på bre med deira utstyr og metodar.

Det blir i tillegg diskutert m.a. føraren/instruktøren si rolle ved ulukker. Rednings- og metodeseminar bre blir heldt i samarbeid med DNT-Fjellsport.

 

Dato:

Metodekurs

Rednings- og metodeseminar bre

16.06 - 21.06

Sommar 2014

Varigheit:

Metodekurs

Rednings- og metodeseminar bre

5 dagar

3 dagar

Krav (metodekurs):

Opptak etter skriftleg søknad. Søknadsfrist 1. mai 2013.

Info opptakskrav:

www.fjellsportforum.no

 

Pris:

Metodekurs

Rednings- og metodeseminar bre

Kr. 4500.-

Søknadsskjema:  
Loggbok:  
Nasjonal standard: word-logo  
Info Metodekurs: pdf  
Info Metodeseminar: pdf  

 


 

01-06-2013

Nigardsbreen 2013

Sesongen på Nigardsreen starta den 15. mai med den korte blåisturen kl. 11:45 og frå den 1. juni blir også blåisturen kl. 12:15 gjennomført kvar dag. Reservering/kjøp av billettar er på...

15-02-2013

Velkomen til ny sesong!

Me ynskjer velkomen til ein ny sesong med mange spennande turar og kurs på bre og fjell. Verksemda vart starta 1987 og me har arrangert turar og kurs i over 25 år...

Sviggum Design