onsdag 22. februar 2012
  • Norsk
  • English
  • Deutsch
  • Heim
  • Om oss
    • - Kompetanse
    • - Kontakt
  • Nigardsbreen
    • - Blåis-familietur
    • - Blåistur-kort
    • - Blåistur
    • - Blåistur-spesial
  • Kurs
    • - Brekurs
    • - Klatrekurs
    • - Alpinkurs
    • - Mini-kurs
    • - NF-kvalifiserande kurs
  • Josten på langs
  • Toppturar frå Fondsbu
  • Private turar og kurs
  • Overnatting i Jostedalen
  • Vegar hit
  • Lenker
  • Generelle vilkår
  • Fotogalleri

facebook

nf-logo-gj

NYHENDE

Våre heimesidene - www.bfl.no - er nå oppdatert med dato og prisar for 2012.

 

 


Startsida Kurs - NF-kvalifiserande kurs

NF-kvalifiserande kurs

Jostedalen Breførarlag er godkjend arrangør av kvalifiserande kurs på nivå I og II i samsvar med Norsk Fjellsportforum (NF) sin Nasjonale Standard for kursarrangørar, instruktørar og førarar. Gjennom kompetansegjevande kurs og praksisordningar kan ein bli NF-godkjend bre-/klatreinstruktør og fjellkursleiar, det høgste kompetansenivået i NF.

nf-2

NF-Metodekurs bre (I)
Eit 5 dagars kurs for dei som ynskjer å utdanne seg til assisterande breførar eller NF-godkjend breinstruktør.

Etter stått kurs og godkjend praksisperiode blir kandidaten godkjent som assisterande breførar. For å bli vidare godkjent som NF-breinstruktør og breførar må ein og ha gjennomført og stått NF-Vegleiarkurs bre.

Kurset oppfyller krava i NFs nasjonale standard for kvalifiserande kurs og legg vekt på dei teknikkar og metodar som krevst for god og trygg føring og seinare vegleiing på blåis og snødekt bre. Kurset blir - som i tidlegare år - heldt i samarbeid med selskapet Breoppleving.

NF-Redning og metodeseminar bre
Seminaret er obligatorisk for for instruktørar som skal kvalifisere seg til nivå II bre men skal og gje fagleg oppdatering og vedlikehald av kompetanse gjennom erfarings-utveksling med andre instruktørar og miljø.

Deltakarane skal på seminaret vise evne til vidaregåande kameratredning og elles solid eigenferdigheit på bre.

Seminaret skal og gje ei innføring i den alpine fjellredningstenesta på bre med deira utstyr og metodar.

Det blir i tillegg diskutert m.a. føraren/instruktøren si rolle ved ulukker. Rednings- og metodeseminar bre blir heldt i samarbeid med DNT-Fjellsport.

 

Dato: Metodekurs
Rednings- og metodeseminar bre
17.06-22.06
29.06-01.07
Varigheit: Metodekurs
Rednings- og metodeseminar bre
5 dagar
3 dagar
Krav (metodekurs): Opptak etter skriftleg søknad. Søknadsfrist 1. mai.
Info opptakskrav: www.fjellsportforum.no
Pris: Metodekurs
Rednings- og metodeseminar bre
Kr. 3965.-
Kr. 2370.-
Søknadsskjema:
Loggbok:
Nasjonal standard: word-logo
Info Metodekurs: pdf
Info Metodeseminar: pdf