Nigardsbreen |
|
Breen pulserer. Nigardsbreen veks og minkar etter kor mykje snø som fell om vinteren og kor mykje som smeltar om sommaren.
Det som ikkje smeltar bort vert under høgt trykk og indre rørsle gradvis omdanna til kompakt og blank blåis. Breen rører seg. Lik ei roleg elv glir Nigardsbreen sakte nedover og teiknar ein stor islagd S mellom bratte fjellsider. Isen som smeltar av nedst på breen i dag fall som snø øvst oppe for om lag 800 år sidan.
Utgangen av dalen er i dag isfri og flat, berre ryggar av steinmassar vitnar om at breen gong på gong har rykt fram og trekt seg attende. På midten av 1700-talet voks han sterkt og la bokstaveleg tala gardar i grus, derifrå kjem namnet Nigardsbreen etter garden Nigard, som vart øydelagt av ismassane. I dag minkar breen, men når du kjem på nært hald er det like fullt stort og mektig. Massane veltar over bratte berg og skurer mot fjellsidene. Det formast eit spanande landskap av bresprekkar, tunnelar, vasshol, dalar og isfjell som ein kan klatra i om ein vil. Alt under båtturen over Nigardsbrevatnet 285 moh. kan du få kjensla av å dra på ekspedisjon, der du ser inn mot ein lokkande isørken. Kvifor ikkje prøva sjølv? Saman med breføraren kan du leggja opp turen etter eige ynskje og erfaring. |



Nigardsbreen