Breføring på Nigardsbreen: Familie Blåistur

Ein lett og triveleg bretur på Nigardsbreen i Jostedalen og som passar for familiar med born i alderen 6 år og eldre eller for deg som ynskjer ein kort, enkel og roleg tur.

kjegle web

Oppe ved venstre brekanten (følg merkinga med infoskilt og oransje kjegler) møter du førarane og får utdelt enkelt breutstyr (stegjarn - isbroddar til dei minste ungane - og tau).

Fyrste delen over Nigardsvatnet kan du få skyss med ein motorbåt (ikkje inkl. i prisen). Info om båten. Tidsbruken for båttransporten (ca. 15 min) samt anmarsjen (ca. 30-45 min.) opp til brekanten er ca. 1 time. 

 

Informasjon om klede/utstyr

Inngangsbillett for utstillingane på Breheimsenteret er ikkje inkludert i prisen men kan kjøpast  online (kun online) rimeleg som ei samla pakke inkl. breturen.

  KJØP BILLETTAR TIL FAMILIE BLÅISTUR

  

Dato:

01.07 - 25.08

Tidspunkt:

  • Møtetid 11:00 ved venstre brekanten
    Avgang 11:30
  • Møtetid 12:00 ved venstre brekanten
    Avgang 12:30
  • Møtetid 13:30 ved venstre brekanten
    Avgang 14:00
  • Møtetid 14:30 ved venstre brekanten
    Avgang 15:00

Varigheit:

Omlag 1 time på isen.

NB! Ein bruker ca. 1 time frå parkeringsplassen inkl. båt og anmarsj opp til venstre brekanten.

Aldersgrense:

Min. 6 år

Utstyr:

Sko/støvlar med låge hælar, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Det er ikkje høve til å ta med ungar i beremeis eller hund i band.

Pris:

Vaksne kr. 300.-
Born     kr. 150.- (6-12 år)

Billettar:

Online-booking, min. 1,5 time før turstart eller direkte hjå føraren ved turstart (berre kontant betaling).

NB! Blåis familieturen kan ikkje tingast som privattur. Grupper bør reservere plass på førehand.

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon