Breføring på Nigardsbreen: Kort Blåistur

Ein kort men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap.

Utstillingane på Breheimsenteret er inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper).

Den korte blåisturen er ikkje lang, hard og kondisjons-krevjande og passar difor for alle som ynskjer å oppleve på ein kortare tur, kva brevandring på blåis eigentleg er.

 

Informasjon om klede/utstyr

KJØP BILLETTAR!

Dato og tidspunkt:

15.05 - 30.09 

Møtetid 11:45 ved skilt GUIDE på Nigardsbreen parkeringsplassen
Avgang 12:15

 

01.07 - 25.08

Motetid 12:30 ved skilt GUIDE på Nigardsbreen parkeringsplassen
Avgang 13:00

Varigheit:

På isen ca. 1,5 timar. Totalt 3,5-4 timar.

Totaltid blir som følgjer:
Båttransport: 15 min. x 2 evt. litt ventetid
Gange til og frå breen: 30-45 min. x 2
Påkleding og kort instruksjon: ca. 30 min

Aldersgrense:

Min. 12 år.

Krav:

Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Ta med varme og vind-/vasstette klede, stødige sko (terreng-joggesko eller fjellstøvlar) samt mat og drikke.

Tal personar:

Min. 2 og maks. 16 pers. per førar.

Pris:

Kr. 580.- inkl. komplett breutstyr og inngangsbillett på Breheimsenteret.

Billettar:

Online-booking  eller dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.

Kort Blåistur som privattur: 

Aldersgrense:

8 år.

Prisar:

 1-3     pers. kr. 3150.- totalt.
 4-10   pers. kr. 800.-/pers.
 11-16 pers. kr. 720.-/pers.

Tidspunkt:

Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-13:00 er transporten med brebåten t/r inkludert når båten er i drift, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til park. plassen. Denne turen tek ca. 1 time.

Bestilling:

Alle private turar må bestillast og betalast på førehand.
Førespurnad til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon