Breføring på Nigardsbreen: Spesial Blåistur

Ynskjer du å oppleve ein meir utfordrande bretur bør du bli med på ein lengre tur i blåisen på Nigardsbreen.

I små grupper på maks. 6 personar får du prøve meir krevjande blåisvandring og klatring med 2 øksar i ein isvegg på topptau.
Bli med på ei spennande utforsking av fargar, sprekkar og istårn på Nigardsbreen utanfor dei mest brukte turistrutene.

Frå 2017 er og inngangsbillett til utstillingane på Breheimsenteret inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper).

Informasjon om klede/utstyr

KJØP BILLETTAR!   

Dato og tidspunkt:

10.07 - 25.08 Måndag - laurdag

Møtetid 10:15 ved skilt GUIDE på Nigardsbreen parkeringsplassen
Avgang 10:30

Varigheit:

På isen ca. 4 timar. Totalt 5,5-6 timar.

Totaltid blir som følgjer:
Båttransport: 15 min. x 2 evt. litt ventetid
Gange til og frå breen: 30-45 min. x 2
Påkleding og kort instruksjon: ca. 30 min

Aldersgrense:

Min. 12 år

Utsryr:

Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Ta med varme og vind-/vasstette klede, fjellstøvlar samt mat og drikke.

Tal personar:

Min. 2 og maks. 6 pers. per førar.

Pris:

Kr. 980.- inkl. komplett bre- og klatreutstyr og inngangsbillett på Breheimsenteret.

Billettar:

Online-booking  eller dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar også på Breheimsenteret (kontant eller kredittkort) eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling

Spesial Blåistur som privattur: 

Aldersgrense:

Min. 10 år.

Prisar:

1-3 pers. kr. 3900.- totalt.
4-6 pers. kr. 1055.-/pers.

Tidspunkt:

Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-11:30 er retur-transporten med brebåten inkludert (15.06-30.09), elles må ein gå til fots frå breen og tilbake til parkeringsplassen. Varigheit ca. 1 time.

Bestilling:

Alle private turar må bestillast og betalast på førehand.
Førespurnad til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon