Breføring på Nigardsbreen: Lang Blåistur

På blåisturen kan du oppleve og utforske dei finaste formasjonar og fargar i den nedre delen av bretunga på Nigardsbreen. Det er ikkje ein hard eller kondisjonskrevjande tur sjølv om ein går noko lenger opp i brefallet enn på den kortare blåisturen. Ein har undervegs godt utsyn til dei øvre og snødekte delane av Nigardsbreen og Jostedalsbreen.

Ein flott tur mellom djupe bresprekkar og høge istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest interessante og spennande områda.

Utstillingane på Breheimsenteret er inkludert i prisen (gjeld ikkje for grupper).

Informasjon om klede/utstyr

Bestill nå!

Dato og tidspunkt:

01.06 - 15.09 

Møtetid 11:15 ved skilt GUIDE på Nigardsbreen parkeringsplassen
Avgang 11:45

 

01.07 - 25.08 

Møtetid 09:45 ved skilt GUIDE på Nigardsbreen parkeringsplassen
Avgang 10:15

Varigheit:

På isen ca. 2,5 timar. Totalt 4,5-5 timar.

Totaltid blir som følgjer:
Båttransport: 15 min. x 2 evt. litt ventetid
Gange til og frå breen: 30-45 min. x 2
Påkleding og kort instruksjon: ca. 30 min

Aldersgrense:

Min. 12 år.

Utstyr:

Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Ta med varme og vind-/vasstette klede, stødige sko (terreng-joggesko eller fjellstøvlar) samt mat og drikke.

Tal personar:

Min. 2 og maks.16 pers. per førar.

Pris:

Kr. 680,- inkl. komplett breutstyr og inngangsbillett på Breheimsenteret.

Billettar:

Online-booking  eller dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar også på Breheimsenteret (kontant eller kredittkort) eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.

 

Blåisturen som privattur:  

Aldersgrense:

Min. 10 år.

Prisar:

1-3 pers.     kr. 3500.- totalt.
4-10 pers.   kr. 900.-/pers.
11-16 pers. kr. 810.-/pers.

Tidspunkt:

Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-13:00 er transporten med brebåten t/r inkludert (15.06-30.09), elles må ein gå til fots tilbake frå breen til park. plassen. Den turen tek ca .1 time.

Bestilling:

Alle private turar må bestillast og betalast på førehand.
Førespurnad til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon