"Early Bird" Deluxe Blåistur

Opplev blåisen på Nigardsbreen i ei lita gruppe på maks. 6 pers. og før alle andre turistar besøker breen. Me tek dagens fyrste båt over Nigardsbrevatnet og opplever i ei unik brenatur kor fint det er å vere tidleg 'morgonfugl' på tur i blåisen.

0 0

I ei slik lita gruppe vil du få god kontakt med breføraren. Han svarar gjerne på spørsmål om breen eller om lokalhistorie knytta til bygda Jostedalen og Jostedalsbreen. Før turen startar vil ein få ei grundig innføring i bruken av tau, isøks og stegjarn.

 

 

Inkludert i turen er og ein lunsjpakke samt utstillinga på Breheimsenteret.  

Bestill nå!

 

Dato: 20.07 - 25.08 måndag - laurdag.

Tid: Møtetid kl.  9:15  på Breheimsenteret / Avgang kl. 10:00

Krav: Min. 12 år.

Varigheit: Totalt 4,5 - 5 timar på isen ca. 2,5 timar.

Utstyr:Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke. 
Meir informasjon

Antall: Min. 2 og maks. 6 pers. per førar.

Pris: Kr. 1090.- inkl. båttransport, utstilling, matpakke og breutstyr.

Bestilling: Online-booking eller dersom det fortsatt er ledige plassar; på Breheimsenteret (kort eller kontant) min 1 time før turstart eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.

 BESTILLING SOM PRIVATTUR:

1-3     pers. kr. 3900.- totalt.
4-6     pers. kr. 1200.-/pers.

Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-13:00 er transporten med brebåten t/r inkludert når båten er i drift, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til park. plassen. Denne turen tek ca. 1,5 timar.

Alle private turar må bestillast og betalast på førehand.
Førespurnad/bestilling til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook Twitter Google+ Pinterest
Follow us on Facebook Social Network Facebook icon