Om oss |
|
Jostedalen Breførarlag vart skipa i 1987 og driv med bre- og fjellføring i tilegg til kurs og opplæring på bre og fjell. I hovudsesongen juli og august er me omlag 20 førarar.
Innehavarane av Jostedalen Breførarlag er Steinar Bruheim, Heidi Zimmermann, Thore Stensberg og Arve Tvedt som er alle internasjonalt godkjende fjellførarar og tindevegleiarar. ![]() Me har eit tett og godt samarbeid med Breheimsenteret i Jostedalen og Fondsbu Turisthytte (DNT) på Eidsbugarden i Jotunheimen. Aktivitetane Breførarlaget tilbyr føregår for det meste i nasjonalparkane Jostedalsbreen og Jotunheimen.
Breføring er hovudaktiviteten og i tillegg til blåisturane på Nigardsbreen arrangerer me bre-, fjellklatre- og breinstruktørkurs, toppturar i Jotunheimen og skiturar på Jostedalsbreen, m.a. 'Josten på langs' er ein populær vårskitur. Dei siste åra har det delteke omlag 10000 personar på dei ulike turane og kursa våre. |



Om oss