FAQ

  Ver venleg å klikke på det spørsmålet du ynskjer å få svar på

KORLEIS KJEM EG MED EIGEN BIL TIL PARK. PLASSEN VED NIGARDSBREVATNET?

Coordinates: N 61°40'18.971" / E 7°14'07.240" OR N 61°40.316' / E 7°14.120'

TOP 40


KORLEIS KJEM EG MED BREBUSSEN TIL PARK. PLASSEN VED NIGARDSBREVATNET?

I tidsrommet 24.06-01.09 kan du reise med JostedalsBrebussen. Bussen korresponderer med alle faste breturar bortsett frå De Luxe Blåisturen.

Start frå Sogndal kl. 8:35 og kjem til Nigardsbreen park. plass kl. 10:05 and 11:35.

Retur frå Nigardsbreen park. plass kl. 16:55 og tilbake til Sogndal kl. 18:35.

For å kome til Sogndal eller andre reisemål, ver venleg å bruk denne lenkja

Før den 24.06 og etter den 01.09 er det vanskeleg å kome seg frå Sogndal til Nigardsbreen og tilbake same dagen med offentleg transport. Me tilrår å leige ein bil i f.eks. Sogndal.

Dersom du treng taxi, ta kontakt med: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. og tlf: +47 576 81 620.TOP 40

ORDNAR Jostedalen Breførarlag MED transport ELLER HJELPER TIL MED Å FINNE OVERNATTING?

Me er eit fjellføringsselskap som tilbyr turar med førar på bre og fjell. Me har ikkje mulegheit å tilby transport eller ev. andre reisetenester. Dersom du treng hjelp med dette, ta kontakt med eit lokalt turistkontor. TOP 40


Her ER MØTESTADEN for BLÅIS FAMILIETUREN PÅ NIGARDSBREEN

mteplass fr

Du treng ca. ein time frå park. plassen og opp til møtestaden ved foten av breen. For meir informasjon, ver venleg å klikk på denne lenkja. TOP 40


Her er Møtestaden for alle dei andre blåisturane på nigardsbreen

moteplass bt

På park. plassen ved Nigardsbrevatnet er utstyrslageret som vist på biletetTOP 40

Kva slags utstyr er inkludert i breturen?

Me skaffar tau, broddar/stegjarn, sitjesele og hjelm til ungane. Bortsett frå Blåis Familieturen, er det og inkludert i turen isøks og tynne hanskar. Me har diverre ikkje små hanskar for ungane. TOP 40


kan eg låne/leige vandrestøvlar, regn-/vindjakke eller ev. anna utstyr?

Du kan låne vandresko i europeisk str. 36-48 til alle turane bortsett frå Blåis Familieturen. Me har dessverre ikkje 'barnesko' til utlån.

Me har ikkje for utlån regn-/vindklede eller annan type turklede. På Breheimsenteret kan ein kjøpe regnjakke og ei varm fleecejakke eller dunjakke.TOP 40


kva personleg utstyr for breturen treng eg å ta med sjølv?

Ver venleg bruk denne lenkja for meir informasjon. TOP 40


 treng eg å ta med eiga  matpakke?

For alle breturane bortsett frå Deluxe Blåisturen bør du ta med litt mat og drikke i sekken. På Deluxe Blåisturen vil føraren ordne med ei matpakke til deg.

Det er og mogleg å bestille ei komplett lunsjpakke online. TOP 40


eg har bestilt ein lunsjpakke online. kvar må eg gå for å hente den?

Du må stikke innom "Breheimsenteret" før turen startar for å plukke opp den bestilte lunsjen. TOP 40


kan breturen bli avlyst grunna dårleg ver?

Regn er vanleg i regionen vår, Vestlandet. Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder på kort tid eller på grunn av vanskelege isforhold i fronten (innsteget) på Nigardsbreen.

Dersom me avlyser ein tur, vil du automatisk få tilbakebetalt heile turavgifta innan 3-5 dagar for alle online bookingar. Dersom billetten var kjøpt på "Breheimsenteret" vil du få refundert innbetalt turavgift der. NB! Billettar kjøpt online kan ikkje bli refundert på "Breheimsenteret". TOP 40


kan eg reservere ein tur på telefon eller via e-post? 

Beklagar, men reservering av turar utan betaling er ikkje mogleg.  TOP 40

kan eg få tilbake pengane om eg kjem for seint til turen grunna trafikkproblem eller eg ikkje finn fram til møtestaden til rett tid?

Beklagar, men det er ikkje mogleg. Ver venleg å lese våre 'Generelle vilkår'. Dersom kunden ikkje møter fram til rett tid for turen på frammøtestaden, har vedkomande ikkje rett til nokon kompensasjon av turavgifta. TOP 40


har eg rett til tilbakebetaling av turavgifta om eg er  sjuk på turdagen?

Les våre 'Generelle Vilkår'. Etter avbestillingsfristen har ikkje kunden rett til nokon økonomisk kompensasjon. Me tilrår difor å teikne ei reiseforsikring som dekkar slike tilfelle. TOP 40


er det nødvendig å bestille turen online på førehand?

I høgsesongen i juli og august, tilrår me å bestille billett online min. 1-3 dagar i førevegen for alle blåisturane på Nigardsbreen bortsett frå Blåis Familieturen.

Spesial Blåisturen og Deluxe Blåisturen er svært populære. Me tilrår å bestille desse turane så tidleg som mogleg. TOP 40


kor lang tid i førevegen bør eg bestille ein privat bretur?

Me tilrår å bestille ein privat bretur så tidleg som mogleg. Privatturar er mykje etterspurde. Me kan ikkje garantere at me har ein ledig førar om du bestiller turen berre nokre få dagar i førevegen.TOP 40


eg reiser med eit cruiseskip som ligg ved kai i Skjolden. Kan eg då delta på ein guida bretur på Nigardsbreen?

Det er ikkje offentleg busstransport frå Skjolden til Nigardsbreen. Du treng å leige ein taxi Skjolden - Nigardsbreen.

For å bestille taxi, ta kontakt med: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf: +47 948  70 244.TOP 40