Generelle vilkår

Bestilling

Alle turar og kurs, bortsett frå private turar, kan bestillast direkte via heimesida vår.

Bestillinga er bindande. Reservering av turar og kurs utan betaling er ikkje mogleg. Difor tilrår me å kjøpe alle billettar online.

Dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar og direkte hjå føraren (kontant betaling eller kredittkort).

Førespurnad/bestilling av private turar kan gjerast via e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  Spørsmål om private turar vil bli svart på så fort råd er og i tilbake-meldinga vil ein vise til ein link for betaling av den bestilte turen. Reservasjonen vil bli kansellert dersom betalinga ikke skjer innan 48 timar etter mottatt betalingslink.

Kansellering/avbestilling av turar og kurs

Dagsturar:

Kunden vil motta full tilbakebetaling/refusjon ved avmelding innan 2 veker før turstart. Ved avmelding 2-1 veker på førehand kunden vil be belasta med 50% av turavgifta, mindre enn 1 veke på førehand will ein bli belasta med 75% av turavgifta og ved avmelding min. 3 dagar på førehand vil kunden ikkje motta nokon tilbakebetaling eller refusjon av turavgifta.


Kurs og Josten på langs:

Kunden vil motta full tilbakebetaling/refusjon ved avmelding innan 2 veker før kursstart. Ved avmelding seinare enn 14 dagar på førehand vil kunden ikkje motta nokon tilbakebetaling eller refusjon av kursavgifta


Ved ikkje oppmøte til tur eller kursstart vil det bli belasta full pris.

Kunden vil motta full refusjon/tilbakebetaling dersom operatøren (Jostedalen Breførarlag as - BFL) må avlyse/kansellere aktiviteten grunna verforhold og/eller andre uføresette forhold.

BFL reserverer seg retten til å avlyse turar og kurs grunna vanskelege snø-, is- og verforhold og/eller for få påmelde. Heile den innbetalte summen vil då bli refundert.
Ved avlyste kurs vil deltakaren motta melding om avlysinga seinast 7 dagar før kursstart. 

Kontakt oss på tlf. eller e-post om førespurnad av ev. avmelding/kansellering.

Ev. endring/rebooking av bestilte turar og kurs er mogleg inntil min. 3 dagar før turstart og inntil min. 14 dagar før kursstart.

Alle tidsfristar for bestilte turar og kurs gjeld og i tilfelle sjukdom/ulykker og er identiske med vilkåra for avmelding/kansellering av turar og kurs.

Me tilrår difor sterkt å teikne ei reiseforsikring!

NIGARDSBREEN
På alle føringsturane er passasjerbåten på Nigardsbrevatnet inkludert i prisen. Båten går frå byrjinga av juni til slutten av september (tidspkt. dagleg 10:00-17:45). Prisen på turane blir den same også utanom seglingstidene for båten eller om båten p.g.a sikkerheitsmessige årsaker eller tekniske problem ikkje er operativ. 

Aldersgrense

Minimum aldersgrense på dei guida turane våre må bli fullt og heilt respektert. Aldersgrensa for barnebillettar er maks. 14 år på Nigardsbreen og 15 år på turar med utgangspunkt Fondsbu.

Frammøte/tid

Dersom kunden ikkje møter til avtalt annonsert tid i programmet eller på rett angitt frammøteplass, har vedkommande ikkje rett på noka erstatning for innbetalt turavgift.

Sikkerheitsvilkår

Jostedalen Breførarlag AS gjennomfører turane sine på ein trygg og forsvarleg måte med vel kvalifiserte og røynde førarar og med det utstyret turane krev. Likevel, fjellsport - herunder og brevandring og isklatring - inneber ein viss risiko for uhell og skader.

Deltakarane må underskrive ei ansvarserklæring når turen eller kurset tek til.
Underteikna blir på den måten gjort merksam på og aksepterer at turen/aktiviteten innneberer ein viss risiko.

Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt turen eller kurset blir ikkje tur-/kursavgifta refundert.

Våre førarar har rett til å utelukke ein deltakar frå bestilt tur, eller overføre ein deltakar til ein enklare tur, dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen stiller og det utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.

Ved tap av utlevert utstyr må deltakaren sjølv erstatte dette. Pris eks: Isøks NOK 600.- Underteikna er kjend med vilkåra for å delta på denne turen/aktiviteten, deltek på eige ansvar og fråskriv seg alle krav om erstatning retta mot Jostedalen Breførarlag AS og/eller mot føraren eller instruktøren på den aktuelle turen/aktiviteten i tilfelle uhell eller skader (person eller materielle skader). 

Endringar

Så langt som mogeleg vil BFL etterstreve å gjennomføre dei spesifikke, bestilte turane og kursa i samsvar med oppsett program. Likevel, dersom det blir tvingande naudsynt reserverer BFL seg likevel retten til å gjere endringar i tur-/kursprogrammet. Slike endringar vil ikkje ha konsekvensar for den avtalte prisen. 

Deltakarens ansvar

Deltakaren må sjølv vurdere om han/ho fyller dei krava som tur-/kursprogrammet stiller. Deltakaren pliktar vidare å ha med seg det utstyret som er nemnt i det tilsende programmet og å rette seg etter tilvisingar gjeve av føraren/instruktøren. Om dette ikkje skjer kan deltakaren utelukkast frå arrangementet utan at det kan krevjast kompensasjon. Å delta på turane og kursa våre skjer på eige ansvar. Det vil seie at BFL ikkje står ansvarleg for skader/uhell som måtte oppstå for deltakaren i tilknyting til arrangementa våre. 

Force Majeure

Ved hendingar utanfor BFL sitt herredømme som t.d. brann, naturkatastrofe o.l. har BFL rett til å heve avtalen utan erstatningsplikt.

Jostedalen Breførarlag AS tilrår å teikne ei reiseforsikring som dekkar kostnadene dersom du må avlyse turen/kurset på grunn av skade/sjukdom.

 ICON TOP