Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Alpinkurs

FAKTA INFO

Ope kurs per pers. (min 3 personar) Alder: 17+
kr8,100.00
Privat kurs per pers. (min. 3 personar) Alder: 17+
kr8,575.00

Grunnleggande innføring i is- og fjellklatring

Kurset gjev ei grunnleggande innføring i is- og fjellklatring. Passar for deg som har gjennomført brekurs eller har tilsvarande erfaring frå brevandring.

Deltakarane må vere kjende med rett bruk av stegjarn, isøks og tau og treng å ha erfaring med kameratredning frå bresprekk. Me krev ikkje tidlegare fjellklatreerfaring.

Jostedalen er ein godt eigna stad for å lære is- og fjelklatring. Her finn du bra klatreterreng og flotte brefall.

Fjellområdet Hurrungane i Vest-Jotunheimen er innanfor kort rekkevidde.

Kurset inneheld:

  • Fjell- og isklatring
  • Taulagsrutinar på is og fjell
  • Sikrings- og redningsteknikkar
  • Rapellering
  • Bruk av førarverk
  • Risikoanalyse
  • Alpine farar
  • Planlegging av alpine turar med fleire taulengder

Krav:

For å delta på dette kurset treng du å vere i god fysisk form og ha gjennomført brekurs eller ha tilsvarande erfaring.

icon

Kursprogram og utstyrsliste Alpinkurs

 

Private kurs

Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om kva type kurs de ynskjer, turdato, samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen