FAQ

  Ver venleg å klikke på det spørsmålet du ynskjer å få svar på

KORLEIS KJEM EG MED EIGEN BIL TIL PARK. PLASSEN VED NIGARDSBREVATNET?

Coordinates: N 61°40'18.971" / E 7°14'07.240" OR N 61°40.316' / E 7°14.120'

TOP 40


KORLEIS KJEM EG MED BREBUSSEN TIL PARK. PLASSEN VED NIGARDSBREVATNET?

I tidsrommet 24.06-01.09 kan du reise med JostedalsBrebussen. Bussen korresponderer med alle faste breturar bortsett frå De Luxe Blåisturen.

Start frå Sogndal kl. 8:35 og kjem til Nigardsbreen park. plass kl. 10:05 and 11:35.

Retur frå Nigardsbreen park. plass kl. 16:55 og tilbake til Sogndal kl. 18:35.

For å kome til Sogndal eller andre reisemål, ver venleg å bruk denne lenkja

Før den 24.06 og etter den 01.09 er det vanskeleg å kome seg frå Sogndal til Nigardsbreen og tilbake same dagen med offentleg transport. Me tilrår å leige ein bil i f.eks. Sogndal.

Dersom du treng taxi, ta kontakt med: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. og tlf: +47 576 81 620.TOP 40

ORDNAR Jostedalen Breførarlag MED transport ELLER HJELPER TIL MED Å FINNE OVERNATTING?

Me er eit fjellføringsselskap som tilbyr turar med førar på bre og fjell. Me har ikkje mulegheit å tilby transport eller ev. andre reisetenester. Dersom du treng hjelp med dette, ta kontakt med eit lokalt turistkontor. TOP 40


Her er Møtestaden for alle blåisturane på nigardsbreen

moteplass btPå park. plassen ved Nigardsbrevatnet er utstyrslageret som vist på biletetTOP 40

Kva slags utstyr er inkludert i breturen?

Me skaffar tau, broddar/stegjarn, sitjesele og hjelm til ungane. Bortsett frå Blåis Familieturen, er det og inkludert i turen isøks og tynne hanskar. Me har diverre ikkje små hanskar for ungane. TOP 40


kan eg låne/leige vandrestøvlar, regn-/vindjakke eller ev. anna utstyr?

Du kan låne vandresko i europeisk str. 36-48 til alle turane bortsett frå Blåis Familieturen. Me har dessverre ikkje 'barnesko' til utlån.

Me har ikkje for utlån regn-/vindklede eller annan type turklede. På Breheimsenteret kan ein kjøpe regnjakke og ei varm fleecejakke eller dunjakke.TOP 40


kva personleg utstyr for breturen treng eg å ta med sjølv?

Ver venleg bruk denne lenkja for meir informasjon. TOP 40


 treng eg å ta med eiga  matpakke?

For alle breturane bortsett frå Deluxe Blåisturen bør du ta med litt mat og drikke i sekken. På Deluxe Blåisturen vil føraren ordne med ei matpakke til deg.

Det er og mogleg å bestille ei komplett lunsjpakke online. TOP 40


eg har bestilt ein lunsjpakke online. kvar må eg gå for å hente den?

Du må stikke innom "Breheimsenteret" før turen startar for å plukke opp den bestilte lunsjen. TOP 40


kan breturen bli avlyst grunna dårleg ver?

Regn er vanleg i regionen vår, Vestlandet. Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder på kort tid eller på grunn av vanskelege isforhold i fronten (innsteget) på Nigardsbreen.

Dersom me avlyser ein tur, vil du automatisk få tilbakebetalt heile turavgifta innan 3-5 dagar for alle online bookingar. Dersom billetten var kjøpt på "Breheimsenteret" vil du få refundert innbetalt turavgift der. NB! Billettar kjøpt online kan ikkje bli refundert på "Breheimsenteret". TOP 40


kan eg reservere ein tur på telefon eller via e-post? 

Beklagar, men reservering av turar utan betaling er ikkje mogleg.  TOP 40

kan eg få tilbake pengane om eg kjem for seint til turen grunna trafikkproblem eller eg ikkje finn fram til møtestaden til rett tid?

Beklagar, men det er ikkje mogleg. Ver venleg å lese våre 'Generelle vilkår'. Dersom kunden ikkje møter fram til rett tid for turen på frammøtestaden, har vedkomande ikkje rett til nokon kompensasjon av turavgifta. TOP 40


har eg rett til tilbakebetaling av turavgifta om eg er  sjuk på turdagen?

Les våre 'Generelle Vilkår'. Etter avbestillingsfristen har ikkje kunden rett til nokon økonomisk kompensasjon. Me tilrår difor å teikne ei reiseforsikring som dekkar slike tilfelle. TOP 40


er det nødvendig å bestille turen online på førehand?

I høgsesongen i juli og august, tilrår me å bestille billett online min. 1-3 dagar i førevegen for alle blåisturane på Nigardsbreen bortsett frå Blåis Familieturen.

Spesial Blåisturen og Deluxe Blåisturen er svært populære. Me tilrår å bestille desse turane så tidleg som mogleg. TOP 40


kor lang tid i førevegen bør eg bestille ein privat bretur?

Me tilrår å bestille ein privat bretur så tidleg som mogleg. Privatturar er mykje etterspurde. Me kan ikkje garantere at me har ein ledig førar om du bestiller turen berre nokre få dagar i førevegen.TOP 40


eg reiser med eit cruiseskip som ligg ved kai i Skjolden. Kan eg då delta på ein guida bretur på Nigardsbreen?

Det er ikkje offentleg busstransport frå Skjolden til Nigardsbreen. Du treng å leige ein taxi Skjolden - Nigardsbreen.

For å bestille taxi, ta kontakt med: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf: +47 948  70 244.TOP 40


 

Breføring på Nigardsbreen: "EARLY BIRD" - DELUXE BLÅISTUR

Opplev blåisen på Nigardsbreen i ei lita gruppe på maks. 6 pers. og før alle andre turistar besøker breen. Me tek dagens fyrste båt over Nigardsbrevatnet og opplever i ei unik brenatur kor fint det er å vere ein tidleg 'morgonfugl' på tur i blåisen.

I ei lita gruppe vil du få god kontakt med breføraren. Han svarar gjerne på spørsmål om breen eller om lokalhistorie knytta til bygda Jostedalen og Jostedalsbreen. Før turen startar vil ein få ei grundig innføring i bruken av tau, isøks og stegjarn.

Inkludert i turen er og ein lunsjpakke (informer oss dersom du er vegetarianar) samt billett til utstillingane på Breheimsenteret.

Bestill nå!

TOP 40 camera 40  Klikk her for å sjå på bildegalleri 


 TURINFO

calendar 4010.07 - 24.08 måndag - laurdag.


TIME 40 kl. 9:25


departure 40Avgang kl. 09:45.

bus icon 13007 3NB! Kan ikkje kombinerast med Brebussen.


ATTENTION 40 iconMin. 12 år.


PLACE 40Nigardsbreen parkeringsplass ved servicebygget ved skilt GUIDE.

klokke 40Totalt 5-5,5 timar og ca. 2,5 timar på isen.

TIME 40Totaltid:
Båttransport: 15 min. x 2 ev. litt ventetid
Gange til og frå breen: ca. 1 time. x 2
Påkleding og kort instruksjon: ca. 15-30 min.
Tur på isen 2,5 time


 Ein langtur med nokre bratte parti langs ruta i isen. 


utstyr 40Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke. Fleire tips om utstyr


persons 40Min. 2 og maks. 6 pers. per førar.


money 40Kr. 1190.- inkl. utstillingane på Breheimsenteret, matpakke og breutstyr.


ticket 40Online-booking eller dersom det fortsatt er ledige plassar; på Breheimsenteret (kort eller kontant) min. 30 min før turstart eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling. TOP 40

UTSTYRSTIPS

EIGNA SKO FOR BLÅISTURANE PÅ NIGARDSBREEN:

Fjellsko

Joggesko

Støvel

Fjellstøvel


PASSANDE UTSTYR/KLEDE:

 

 

ryggsekk

Ryggsekk

images 5

Varm gensar/jakke

regnjakke

Regnjakke

lunch 1

Lunch

haekel muetze stripes red

Lue

last ned 5

Kamera

last ned 1

Ev. solbriller

 


IKKJE EIGNA SKO FOR BREVANDRING I BLÅISEN:

platåsko

sandaler

mokkasiner

crocs


Ikkje tillate på Blåisturane:

rote shorts last ned traggestell 1 hund drohne 600
Shorts  Skjørt utan leggins Born i beremeis Hund Droner

 

Breføring på Nigardsbreen: SPESIALTUR FOR BORN

Kort blåistur for familiar med spreke born

Har du spreke, naturglade ungar i familien og som likar utfordringar?

Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BORN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Denne blåisturen er for foreldre med spreke ungar frå 8 år som har tidlegare turerfaring og som likar å vere ute på tur i naturen. For vaksne utan born, eller med mest vaksne ungar (min. alder 12 år), bør du velje den Korte Blåisturen som er same type blåistur.

Inngangsbillett til utstillingane på Breheimsenteret er  inkludert i prisen. 

Bestill nå!

TOP 40 camera 40  Klikk her for å sjå på bildegalleri 


 TURINFO

calendar 4001.07 - 24.08, måndag - laurdag.


TIME 40Møtetid kl. 10:30.


departure 40Avgang kl. 11:00.

bus icon 13007 3Kan nåast med Brebussen.


PLACE 40Nigardsbreen parkeringsplass ved servicebygget med skilt GUIDE.


klokke 40Totalt ca. 4-4,5 timar.


brevandring middel 40Vegen opp til breen er stadvis bratt (sikra med faste tau) og kan vere glatt.

brevandring lett 40Nokre korte bratte parti på ruta i isen, spesielt i starten.


TIME 40Totaltid:
Båttransport: 15 min. x 2 ev. litt ventetid
Gange til og frå breen: ca. time. x 2
Påkleding og kort instruksjon: ca. 15-30 min.
Tur på isen 1,5 time


ATTENTION 40 iconBorn berre ifølgje med foreldre. Aldersgrense for born er min. 8 år og maks. 14 år.


utstyr 40Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, hanskar (for borna), matpakke, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke. Fleire tips om utstyr.


persons 40Min. 2 og maks. 12 pers. per førar.


money 40Vaksen kr. 600.- og born kr. 500.- inkl. breutstyr, båttransport på Nigardsbrevatnet og utstillingane på Breheimsenteret.


ticket 40Online booking  eller dersom det fortsatt er ledige plassar, på Breheimsenteret (kort eller kontant) min 1 time før turstart eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.


 BESTILLING SOM PRIVATTUR

money 401-3     pers. kr. 3400.- totalt.
4-12   pers. kr.   850.-/pers.


TIME 40Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:30-13:00 er transporten med brebåten t/r inkludert når båten er i drift, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til park. plassen. Den turen tek ca. 1,5 timar.


ticket 40Alle private turar må bestillast og betalast på førehand.
MailFørespurnad - bestilling 


TOP 40

Nigardsbreen - Oversikt

NIGARDSBREEN er truleg den lettast tilgjengelege breen i Noreg. Frå Breheimsenteret er det ein køyretur på 3,5 km på ein bomveg fram til møteplassen for blåisturane.

Turutval Nigardsbreen:

 

ATTENTION 40 iconReservasjonar utan betaling er ikke mogleg. Me tilrår å kjøpe alle billettar i høgsesongen (10.07–25.08) online min.1-3 dag på førehand.Dersom det framleis er ledige plassar kan ein kjøpe billettar også direkte hjå føraren, då berre mot kontant betaling.

utstyr 40Tips for personleg utstyr

brevandring middel 40Delar av ruta/anmarsjen til Nigardsbreen og på sjølve isen er ganske bratt. Ruta er gjort lettare ved hjelp av faste tau på svaberga og trinn i isen.  Likevel, deltakarane på blåisturane bør ha god balanse og vere i rimeleg god form. 

anmarsch 19Breen

 Fakta om Nigardsbreen

nigardsbreen JC DahlEr du interessert i fleire fakta om Nigardsbreen? Marthe Gjerde, med doktorgrad i kvartærgeologi, har forfatta ei avhandling om Nigardsbreen (på engelsk).

pdf  Glacier facts about Nigardsbreen


 

ICON TOP