- Via den historiske Pionerruta
- 12+
- 10-11 timar
- Topptur
Bestig med hjelp av våre kyndige førarar den populære toppen Falketind (2067) via Pionerruta. Fin og utfordrande fjelltur i alpint terreng.
FAKTA INFO
Noko luftig og eksponert på toppeggen. Fin utsikt mot m.a. Falketind og Stølsnostind.
Utg. pkt. for turen til Uranostind er bommen ved bilvegen i Koldedalen. Derifrå går ein på god sti mot Urdadalsvatnet som ein steingår i utløpsosen og vidare mot Uranosbreen, opp breen på is og snø og vidare opp den breie nordryggen til ein kjem til den smale og luftige eggen på toppen av Uranostind.
Ein går normalruta, dvs. via Uranosbreen og opp nordryggen. Slingsbytinden som ligg rett nord for Uranostinden kan og få ein visitt om det er tid og mulegheit for det. Noko luftig og eksponert på toppeggen av Uranostind. Fin utsikt mot m.a. Falketind og Stølsnostind.
Du treng god kondisjon og turerfaring frå høgfjellet.
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
Fjellsko/fjellstøvlar, varme og vind-/regntette klede, lue og vottar samt mat og drikke, inkl. termos, for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.