-
I tidsrommet mitten av juni til mitten av august kan du reise frå Sogndal med Brebussen. Bussen korresponderer med dei faste breturane på Nigardsbreen bortsett frå Deluxe Blåistur og X-tra Kort Blåistur.
Start frå Sogndal kl. 8:35 og kjem til Nigardsbreen park. plass kl. 10:05 and 11:35.
Retur frå Nigardsbreen park. plass kl. 16:55 og tilbake til Sogndal kl. 18:35.
For å kome til Sogndal eller andre reisemål, ver venleg å bruk denne lenkja
Før og etter ruta til Brebussen er det vanskeleg å kome seg frå Sogndal til Nigardsbreen og tilbake same dagen med offentleg transport. Me tilrår å leige ein bil f.eks. i Sogndal.
Dersom du treng taxi, ta kontakt med: [email protected] og tlf: +47 576 81 620.
-
På park. plassen ved Nigardsbrevatnet ved utstyrslageret som vist på biletet:

-
Me skaffar tau, stegjarn, sitjesele og isøks samt hjelm til ungane.
-
Bruk denne lenkja for meir informasjon.
-
Du kan ved behov låne sko (str. 36-48) og arbeidshanskar gratis hjå oss, men vi har diverre ikkje små hanskar og sko til barn.
Det er ikkje mogleg å låne klede eller solbriller, men vi sel rimelege solbriller og regnponchoar på staden.
-
For alle breturane bør du ta med litt mat og drikke i sekken.
Det er og mogleg å kjøpe ein komplett lunsjpakke på Breheimsenteret eller matvarer på joker butikken i Gjerde.
-
Regn er vanleg i regionen vår, Vestlandet. Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder på kort tid eller på grunn av vanskelege forhold.
For gjeldande værmelding klikk her.
Dersom me avlyser ein tur, vil du automatisk få tilbakebetalt heile turavgifta. NB! Billettar kjøpt online kan ikkje bli refundert hos guiden.
-
Me er eit fjellføringsselskap som tilbyr turar med førar på bre og fjell. Me har ikkje mulegheit å tilby transport eller ev. andre reisetenester. Dersom du treng hjelp med dette, ta kontakt med eit lokalt turistkontor
-
Beklagar, men bestilling av alle turar skal gjerast online. Bestilling utan betaling er ikkje mogleg.
-
Bookingselskapet FareHarbor tek 6% gebyr for bookingtenestene sine.
-
Beklagar, men det er ikkje mogleg. Ver venleg å lese våre generelle vilkår. Dersom kunden ikkje møter fram til rett tid for turen på frammøtestaden, har vedkomande ikkje rett til nokon kompensasjon av turavgifta.
-
Les våre generelle vilkår. Etter avbestillingsfristen har ikkje kunden rett til nokon økonomisk kompensasjon. Me tilrår difor å teikne ei reiseforsikring som dekkar slike tilfelle!
-
I høgsesongen i juli og august, tilrår me å bestille turen online min. 3-4 dagar i førevegen for alle blåisturane på Nigardsbreen.
‘Spesial Blåisturen’ og ‘Spesial Blåistur for barn’ samt ‘Deluxe Blåisturen’ er svært populære. Me tilrår å bestille desse turane så tidleg som mogleg.
-
Me tilrår å bestille ein privat bretur så tidleg som mogleg. Privatturar er mykje etterspurde. Me kan ikkje garantere at me har ein ledig førar om du bestiller turen berre nokre få dagar i førevegen.
-
Det er ikkje offentleg busstransport frå Skjolden til Nigardsbreen. Du treng å leige ein taxi Skjolden – Nigardsbreen t/r.
For å bestille taxi, ta kontakt med: [email protected] eller tlf: +47 948 70 244.