Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Josten på langs

Raske detaljer

Vaksen 15+
kr3,100
Pris per pers: Privat gruppe (3-4 personar) 15+
kr6,175
Pris per pers: Privat gruppe (5-10 personar) 15+
kr4,125
Pris per pers: Privat gruppe (11+ personar) 15+
kr3,150

Ein skitur som kan by på store og mektige kontrastar og variasjonar!

På ein og same tur tur kan du møte varmande vår og full vinter, sludd på tvers og steikande sol, grauttåke med 10 meter sikt og flott utsikt til kvasse tindar og vide vidder.

Me går frå Bjønnstegane nord i Jostedalen til Flatbrehytta i Fjærland. Undervegs gjer me avstikkarar til flotte utsynspunkt som Brenibba (2018), Kjenndalskruna (1830), Høgste Breakulen (1957) og ev. Supphellenipa (1731).

Oppstiginga den fyrste dagen tek omlag 10 timar og er bratt. Etappane dei påfølgjande dagane går i lettare og flatare terreng. Siste dagen er det nedkøyring til Flatbrehytta og deretter til fots bratt ned til Fjærland ved Sognefjorden. Varigheit ca. 10 timar per dag (siste dagen 6-7 timar).

Tilleggsinformasjon

Dette er ein tung skitur i bratt vestlandsterreng med ryggsekk på 15-20 kg. God kondisjon og skierfaring frå høgfjellet er nødvendig. Aldersgrense 15 år.