Generelle vilkår

BESTILLING

Alle turane og kursa, med unntak av private turar, kan bestillast online direkte på heimesida vår. Dersom det framleis er ledige plassar på turane, kan du kjøpe billettar direkte av føraren din (kredittkort eller kontanter i NOK ev. EURO).

Online booking:

Ver merksam på at FareHarbor tek ei ekstra avgift, av deg som bestillande kunde, for deira bookingtenester, basert på ein prosentdel (6%) av det totale beløpet/betalinga for turen/kurset (“gjestegebyr”).

Private turar og kurs:

Forespørsel om private turar og kurs må gjerast på førehand via e-post: [email protected] og denne vil bli svart på så snart som mogleg. Etter samtykke frå gjesten, vil ein lenke til betaling av turen/kurset vere vedlagt i e-posten. Den bestilte turen må betalast innan 48 timar, elles blir reservasjonen kansellert.

Reservering utan betaling er ikkje mogleg. Difor anbefaler me å kjøpe billettane online på heimesida vår.

KANSELLERING

Dagsturar:

Kunden vil motta full refusjon (kreditt) med minst 2 vekers varsel om avbestilling. Ved 2-1 veker på førehand blir du belasta med 50%, mindre enn 1 veke i førevegen vil du bli belasta med 75% og med berre 3 dagar i førevegen får du ingen refusjon av innbetalt beløp. Dersom kunden ikkje møter fram til avtalt tid/start vil heile den innbetalte summen bli belasta.

Kurs og fleirdagars turar:

Kunden vil motta full refusjon (kreditt) med minimum 2 vekers varsel om avbestilling. Deretter vil ingen refusjon bli gitt.

Kunden vil også motta full refusjon (kreditt) i tilfelle avlysing av arrangøren sjølv på grunn av ver eller andre uføresette forhold.

Ei kundebestilling av eit kurs vil motta varsel om mogleg avlysing seinast 7 dagar før kursstart. Då vil heile betalinga bli refundert.

Kontakt oss på e-post for å avbestille eller forhøyre seg om ev. avbestilling.

Ombooking er mogleg etter avbestillingsfristen, for kurs opptil 14 dagar i førevegen og for turar opptil 3 dagar i førevegen. Ingen avbestillingsgebyr blir då belasta kunden.

Alle fristane er også gyldige i tilfelle sjukdom og/eller ulykke, og dei er identiske med avbestillingsreglane. Reiseforsikring er difor sterkt anbefalt!

Nigardsbreen

For alle turar på Nigardsbreen er båttransporten inkludert i prisen i driftsperioden frå omlag 10. juni og til slutten av september. Driftstida dagleg er normalt kl. 10:00 – kl. 17:45. Utanom driftstida, og dersom båten ikkje kan brukast av sikkerheitsårsaker eller tekniske manglar, er det ingen krav om refusjon eller reduksjon av tur-/kursprisen.

Grupper på 16+ pers:

For alle blåisturar er ei bindande bestilling, og med eit eksakt tal deltakarar min. 7 dagar før turen startar, absolutt nødvendig. Dersom det ikkje er avtalt andre vilkår med oss, skal betalinga skje på førehand. Betaling kan gjerast anten via ein betalingslenke på førehand, ev. ved starten av turen og då direkte til førarane våre.

ALDERSGRENSE

Maksimal aldersgrense for barnetakst er 14 år på breturane ‘Spesialtur for Barn’ og ‘X-tra Kort Blåistur’ og 15 år på toppturane i Jotunheimen. Aldersgrensene som er angitt i turprogrammet må følgjast.

Starttid – Møtestad

Dersom kunden ikkje møter fram til angitt tidspunkt i programmet eller på angitt møtestad, har vedkomande ingen rett til nokon kompensasjon for turavgifta.

SIKKERHEITSERKLÆRING

Fjellklatring – herunder brevandring/isklatring – er ein risikosport. Din sikkerheit er vår fyrste prioritet. Jostedalen Breførarlag AS (BFL) minimerer risikoen ved å bruke godt kvalifiserte og erfarne førarar/instruktørar. Kunden må signere ein eigenerklæring når turen/kurset startar. Underteikna deltek på eige ansvar og Jostedalen Breførarlag AS og/eller føraren/instruktøren skal ikkje haldast ansvarleg for ev. person-/materielle skader som oppstår på denne turen eller kurset.

Me refunderer ingen billettar dersom deltakarane ikkje møter fram eller avbryt turen eller kurset. Gjester som ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen/kurset stiller, kan bli bortvist frå turen/kurset av føraren/instruktøren, ev. få tilbod om å delta på ein lettare og enklare tur, utan nokon rett til erstatning.

Eventuelt tap av utlevert utstyr er deltakaren sitt ansvar og må kompenserast. Pris eks.: Isøks kr 600.-