FAKTA INFO
Det blir arrangert eit NF-Instruktørseminar bre 14-17. september i Jostedalen. Det blir eit litt anna type seminar då det blir ein del fokus på den nye brestigen i Nasjonal Standard og erfaringar frå korleis det har gått det første året den har vore i bruk. Det blir ein blanding av innandørs og utandørs seminar, men me kjem til å følge malen for eit NF-instruktørseminar uansett.
Instruktørseminaret vil vere mest relevant for dei som er breinstruktør 1 og breinstruktør 2, men andre som er fjellkursledar og elles på nivå 1 i andre disiplinar kan også bli med.
Som på andre instruktørseminar vil hovudfokuset vere knytta til det pedagogiske og korleis me lærer vekk på kvalifiserande kurs.
Kategori: Seminar
Varigheit: 3 dagar + frammøte kveld
Dato: 14.09-17.09
Inklusive: Overnatting på kurslokalet Bretun. Mat er ikkje inkludert. Bretun har fullt utstyrt kjøken for sjølvhushaldning.
Krav: Instruktørseminaret vil vere mest relevant for dei som er breinstruktør 1 og breinstruktør 2, men og andre som fjellkursledar og elles andre på nivå 1 i andre disiplinar kan delta.