Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Mini-Brekurs

FAKTA INFO

Privat gruppe per pers (3 personar, 3 dagar) Alder: 16+
kr4,640.00
Privat gruppe per pers (4-5 personar, 3 dagar) Alder: 16+
kr4,180.00

Lær korleis du meistrar brevandring og utvid turområda dine

Har du ikkje høve til å gå eit vekeskurs, kan du delta på mini-brekurs som går over tre dagar. Kursa passar for dei som ynskjer å tileigne seg nødvendige kunnskapar for å kunne ferdast trygt i taulag på bre utan førar.

MINI-BREKURS BLÅIS

“Blåispensumet” av eit vekesbrekurs.

MINI-BREKURS SNØ

“Snødelen” av eit vekesbrekurs.

icon
Program Mini-Brekurs I og utstyrsliste

icon
Program Mini-Brekurs II og utstyrsliste

 

Kurslokalet Bretun

Breførarlaget sitt kurslokale Bretun ligg i Krundalen, ein markert sidedal til Jostedalen. Det er 2,5 km til bygdesentrumet Gjerde med butikk og bensinstasjon, kafe og hotell.  Det er og kort avstand til breane og fjella i Jostedalen.

Bretun har fleire rom med 4-6 senger, dusjar/wc, tørkerom og vaskemaskin, matsal med kjøken (sjølvhushaldning), oppvaskmaskin og ei romsleg og koseleg peisestove.