Overnatting

Kursstaden Bretun

Breførarlaget sitt kurslokale Bretun ligg i Krundalen, ein markert sidedal til Jostedalen. Det er 2,5 km til bygdesentrumet Gjerde med butikk og bensinstasjon, kafe, hotell og campingplass. Det er og kort avstand til breane og fjella i Jostedalen.

Bretun har overnattingskapasitet til omlag 25 personar, dusjar/wc, tørkerom og vaskemaskin, matsal med kjøken (sjølvhushaldning), oppvaskmaskin og ei romsleg og koseleg peisestove.

Bretun blir og leigt ut til skular og grupper med eige aktivitetsopplegg.
Ta gjerne kontakt for prisar og fleire opplysningar.

Hotell og campingplassar i Jostedalen:

Jostedal Hotel ca. 5 km fra Nigardsbreen.

Jostedal Camping med moderne hytter, ca. 5 km fra Nigardsbreen.