- Mest etterspurt!
- Breføring Kategori Breføring
- Ca. 4,5 timar. På isen ca. 1,5 Varigheit Ca. 4,5 timar. På isen ca. 1,5
- 12+, Alder 12+ som privattur 8+ Alder som privattur 8+
Opplev blåisen på Nigardsbreen på ein kortare bretur.
FAKTA INFO
Denne turen er veleigna for vaksne og born frå 8 år og som ynskjer å få eit glimt av den djupblå isverda på Nigardsbreen.
Ver merksam på at stien til breen og ruta opp på breen kan vere ganske bratt. Sjølv om denne blåisturen er kortare enn dei andre turane, er det tekniske vanskenivået det same. Du treng difor litt turerfaring frå fjellet, god balanse og å vere i nokolunde bra form.
Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, hanskar, matpakke, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke.
Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom 09:45-13:00 er transporten med brebåten t/r inkludert når båten er i drift, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til parkeringsplassen. Den turen tek ca. 1,5 timar.