Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Brekurs

FAKTA INFO

Ope kurs per pers (min. 3 personar, 5 dagar) Alder: 16+
kr6,665.00
Privat gruppe per pers (3 personar, 5 dagar) Alder: 16+
kr7,450.00
Privat gruppe per pers (4-5 personar, 5 dagar) Alder: 16+
kr6,945.00

Lær korleis du meistrar brevandring og utvid turområda dine

Brekurs passar for deg som ynskjer å tileigne seg kunnskap og opparbeide ferdigheiter for å kunne ferdast trygt i taulag utan førar på blåis, snødekt bre og i brattare brefall.

Ein lærer bruken av stegjarn, isøks, tau og andre sikringsmiddel på is og snø. I tillegg til fleire fine turar i ulike breområde øver ein på ulike metodar for redning frå bresprekk, ein får innføring i isklatring og ein lærer å gjere gode vegval på is og snø.

icon
Brekursprogram og utstyrsliste

Private kurs

Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om kva type kurs de ynskjer, turdato, samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen

Kurslokalet Bretun

Breførarlaget sitt kurslokale Bretun ligg i Krundalen, ein markert sidedal til Jostedalen. Det er 2,5 km til bygdesentrumet Gjerde med butikk og bensinstasjon, kafe og hotell.  Det er og kort avstand til breane og fjella i Jostedalen.

Bretun har fleire rom med 4-8 køyesenger, dusjar/wc, tørkerom og vaskemaskin, matsal med kjøken (sjølvhushaldning), oppvaskmaskin og ei romsleg og koseleg peisestove.