Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Stor pågang!

X-tra Kort Blåistur

FAKTA INFO

Vaksen - 2026

Alder 12+

kr 740.00

Barn - 2026

Alder 8-12

kr 620.00

Privat tur 2-3 pers. - Totalpris 2026

Min. alder 8

kr 4,790.00

Privat tur 4+ pers - Pris per pers. 2026

Min. alder 8

kr 1,180.00

Få eit glimt av den djupblå isverda på Nigardsbreen

Denne turen er veleigna for vaksne og born frå 8 år og som ynskjer å få eit glimt av den djupblå isverda på Nigardsbreen.

Ver merksam på at stien til breen og ruta opp på breen kan vere ganske bratt. Sjølv om denne blåisturen er kortare enn dei andre turane, er det tekniske vanskenivået det same. Du treng difor litt turerfaring frå fjellet, god balanse og å vere i nokolunde bra form.

Private turar

Ver venleg å ta kontakt på e-post  og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen (frammøtetid mellom kl. 09:45 og 13:00 er mogleg) samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.