FAKTA INFO
Vaksen - 2027
Alder 12+
kr 885.00
Born - 2027
Alder 8-12
kr 755.00
Privat tur 2-3 pers. – Totalpris 2027
Min. alder 8
kr 4,935.00
Privat tur 4+ pers - Pris per pers. 2027
Min. alder 8
kr 1,215.00
Perfekt tur for foreldre med spreke ungar som likar utfordringar!
Har du spreke, naturglade ungar i familien og som likar utfordringar?
Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BARN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.
Denne blåisturen er for foreldre med spreke ungar frå 8 år som har tidlegare turerfaring og som likar å vere ute på tur i naturen. For vaksne utan born, eller med mest vaksne ungar (min. alder 12 år), bør du velje ‘Kort Blåistur’ som er same type blåistur.
Private turar
Ver venleg å ta kontakt på e-post og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen samt talet på personar i gruppa. I 2027 vil den første båten leggje frå allereie kl. 09.30. Det er derfor mogleg å avtale møtetidspunkt mellom kl. 09.15 og 12.00.
Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen
-
Totalpris: Privat gruppe 2-3 personar – kr. 4,935.-
Pris per pers: Privat gruppe 4+ personar – kr. 1,215.-
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek 6% gjestegebyr for bookingtjenestene sine
-
Nigardsbreen parkeringsplass, til det tidspunktet som er oppgjeve på stadfestinga.
-
- Tilpassing av utstyr: ca. 15-30 min, ikkje lagt inn i totaltida
- Båttransport: 15 min. x 2 + ev. litt ventetid
- Gange til og frå breen: ca. 1 time x 2
- Påkleding og kort instruksjon: ca. 15 min.
- Tid på isen ca. 1,5 timar.
Den totale tida på isen inkluderer sjølvsagt alle pausar, for eksempel fotostopp og lunsjpausar.
-
Inkludert:
Breføring, brevandreutstyr og båttransport.
Ikkje inkludert:
Mat og drikke.
Matpakke kan bestillast hos oss og hentast på Jostedal Hotell sin kafeteria på vegen til breen.
-
Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og fjellsko. Kleda må dekke heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt).
Du kan ved behov låne sko og arbeidshanskar gratis hjå oss, men vi har ikkje små hanskar og sko til barn (minste storleik er 36).
Det er ikkje mogleg å låne klede eller solbriller, men vi sel rimelege solbriller og regnponchoar på staden.
-
Matpakke kan kjøpast hos oss og må hentast på Jostedal Hotell, Jostedalsvegen 3055, 6871 Jostedal sin kafeteria på vegen til breen.
Viktig! Lunsjpakka må hentast på Jostedal Hotell på vegen til breen, før ein kjem fram til møtestaden for breturane ved Nigardsbrevatnet!
- Standard lunsjpakke – kr. 185.-
Smørbrød med skinke og ost, ei flaske vatn, ein kvikk- lunsj og eit eple. - Deluxe lunsjpakke – kr. 195.-
Smørbrød med laks, ei flaske vatn, ein kvikk- lunsj og eit eple. - Vegetar lunsjpakke – kr. 195.-
Smørbrød med eple og brie, ei flaske vatn, ein kvikk- lunsj og eit eple.


- Standard lunsjpakke – kr. 185.-
-
Barn under 18 år må vere i følge med ein forelder eller føresett.
Barn må ha minst skostorleik 33.
Aldersgrensa (min. 8 år) kan bli sjekka i tvilstilfelle. Ver venleg å ta med legitimasjon for barna.
-
Ikkje tillatt på Blåisturane er hundar, droner, kortbukser, skjørt utan leggings og barn i beremeis.
-
Regn er vanleg i regionen vår, Vestlandet. Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder på kort tid (styrtregn) eller på grunn av vanskelege isforhold i fronten (innsteget) på Nigardsbreen.
Har du fleire spørsmål, kan du gå til FAQ-sida vår
-
Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt turen blir ikkje turavgifta refundert.
Våre førarar har rett til å utelukke/bortvise ein deltakar frå bestilt tur, eller overføre ein deltakar til ein enklare tur, dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen stiller og det utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.
På alle føringsturane er passasjerbåten på Nigardsbrevatnet inkludert i prisen. Båten går frå ca. 10. juni til 25. september dagleg 09:30-16:45 . Utanom opningstidene, og dersom båten ikkje kan nyttast på grunn av tekniske feil eller andre årsaker, ligg det ikkje føre krav om refusjon eller prisavslag.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100%. Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av verforhold eller andre uføresette forhold/omstendigheiter. Kontakt oss på telefon for å avbestille eller forhøyre deg om avbestilling. Ved “no-show” belastast heile prisen.
Alle tidsfristar for bestilte turar og kurs gjeld og i tilfelle sjukdom/ulykker og er identiske med vilkåra for avmelding/kansellering av turar og kurs.
Me tilrår difor sterkt å teikne ei reiseforsikring!
-
Turen kl. 10:30 passar med rutetida til Brebussen frå Sogndal.
Informasjon om busstransport:
-
I Gjerde, berre 6 km frå Nigardsbreen, finst det og ein velassortert daglegvarebutikk – Joker – og ein bensinstasjon.


For å sjå opningstidene, ver venleg og bruk denne lenka
-
Hotell og campingplassar i Jostedalen:
Jostedal Hotell ca. 5 km frå Nigardsbreen.
Jostedal Camping med moderne hytter, ca. 5 km frå Nigardsbreen.
Jostedalen Lodge feriehus, ca. 15 km frå Nigardsbreen.
-
For gjeldande vermelding klikk her
