Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Fantastisk utsyn!

Lang Blåistur

FAKTA INFO

Pris 1-14 pers. - 2027

Min. alder 12

kr 1,015.00

Privat tur 2-3 pers. – Totalpris - 2027

Min. alder 10

kr 5,430.00

Privat tur 4+ pers - Pris per pers - 2027

Min. alder 10

kr 1,530.00

Fantastisk utsyn over Nigardsbreen og Jostedalsbreen!

Ei vandring mellom turkisblå bresprekkar og istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest interessante og spennande områda av bretunga på Nigardsbreen.

Det er ikkje ein hard eller kondisjonskrevjande tur sjølv om ein går noko lenger opp i brefallet enn på den korte blåisturen. Ein har undervegs godt utsyn til dei øvre og snødekte delane av Nigardsbreen og Jostedalsbreen.

Private turar

Ver venleg å ta kontakt på e-post og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen samt talet på personar i gruppa. I 2027 vil den første båten leggje frå allereie kl. 09.30. Det er derfor mogleg å avtale møtetidspunkt mellom kl. 09.15 og 12.00.
Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen