FAKTA INFO
Pris 1-14 pers. - 2027
Min. alder 12
kr 885.00
Privattur 2-3 pers. – Totalpris 2027
Min. alder 8
kr 4,935.00
Privattur 4+ pers - Pris per pers 2027
Min. alder 8
kr 1,215.00
Opplev på ein kortare tur korleis ein blåisvandring verkeleg er
Ein kort men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap.
Delar av ruta på sjølve isen samt delar av anmarsjen til Nigardsbreen er ganske bratt. Ruta er gjort lettare ved hjelp av faste tau på svaberga og trinn i isen.
Turen passar for alle som ynskjer ein kortare tur og oppleve kva brevandring på blåis eigentleg er.
Dette er same type blåistur som ‘Spesialtur for born’, bortsett frå at aldersgrensa er 12 år.
Private turar
Ver venleg å ta kontakt på e-post og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen, samt talet på personar i gruppa. I 2027 vil den første båten leggje frå allereie kl. 09.30. Det er derfor mogleg å avtale møtetidspunkt mellom kl. 09.15 og 12.30.
Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig for den reserverte turen.
-
- Totalpris: Privat gruppe 2-3 personar – kr. 4,935.-
- Pris per pers: Privat gruppe 4+ personar – kr. 1,215.-
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek eit 6% gjestegebyr for bookingtenestene sine.
-
Nigardsbreen parkeringsplass, til det tidspunktet som er oppgjeve i stadfestinga.
-
- Tilpassing av utstyr: ca. 15-30 min, ikkje lagt inn i totaltida
- Båttransport: 15 min. x 2 + ev. litt ventetid
- Gange til og frå breen: ca. 1 time x 2
- Påkleding og kort instruksjon: ca. 15 min.
- Tid på isen: ca. 1,5 timar
Den totale tida på isen inkluderer sjølvsagt alle pausar, for eksempel fotostopp og lunsjpausar.
-
Inkludert
Breføring, brevandreutstyr og båttransport.
Ikkje inkludert
Mat og drikke.
Matpakke kan bestillast hos oss og hentast på Jostedal Hotell sin kafeteria på vegen til breen.
-
Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og fjellsko. Kleda må dekke heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt).
Du kan ved behov låne sko og arbeidshanskar gratis hjå oss, men vi har ikkje små hanskar og sko til barn.
Det er ikkje mogleg å låne klede eller solbriller, men vi sel rimelege solbriller og regnponchoar på staden.
-
Matpakke kan kjøpast hos oss og må hentast på Jostedal Hotell, Jostedalsvegen 3055, 6871 Jostedal sin kafeteria på vegen til breen.
Viktig! Lunsjpakka må hentast på Jostedal Hotell på vegen til breen, før ein kjem fram til møtestaden for breturane ved Nigardsbrevatnet!
- Standard lunsjpakke – kr. 185.-
Smørbrød med skinke og ost, ei flaske vatn, ein kvikk- lunsj og eit eple. - Deluxe lunsjpakke – kr. 195.-
Smørbrød med laks, ei flaske vatn, ein kvikk- lunsj og eit eple. - Vegetar lunsjpakke – kr. 195.-
Smørbrød med eple og brie, ei flaske vatn, ein kvikk- lunsj og eit eple.


- Standard lunsjpakke – kr. 185.-
-
- Barn under 18 år må være i følge med ein forelder eller føresett.
-
Ikkje tillatt på Blåisturane er hundar, droner, kortbukser, skjørt utan leggings og barn i beremeis.
-
Regn er vanleg i regionen vår, Vestlandet. Breturane blir berre avlyste dersom det er ein ekstraordinær versituasjon med store nedbørsmengder på kort tid (styrtregn) eller på grunn av vanskelege isforhold i fronten (innsteget) på Nigardsbreen.
Har du fleire spørsmål, ver venleg å gå til FAQ-sida vår
-
Dersom deltakaren ikkje møter opp eller avbryt turen blir ikkje turavgifta refundert.
Våre førarar har rett til å utelukke/bortvise ein deltakar frå bestilt tur, eller overføre ein deltakar til ein enklare tur, dersom vedkommande ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava som turen stiller og det utan at det kan krevjast økonomisk kompensasjon.
På alle føringsturane er passasjerbåten på Nigardsbrevatnet inkludert i prisen. Båten går frå ca. 10. juni til slutten av september (dagleg 09:30-16:45) . Utanom opningstidene, og dersom båten ikkje kan nyttast på grunn av tekniske feil eller andre årsaker, ligg det ikkje føre krav om refusjon eller prisavslag.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av verforhold eller andre uføresette forhold/omstendigheiter. Kontakt oss på telefon for å avbestille eller forhøyre deg om avbestilling. Ved “no-show” belastast heile prisen.
Alle tidsfristar for bestilte turar og kurs gjeld og i tilfelle sjukdom/ulykker og er identiske med vilkåra for avmelding/kansellering av turar og kurs.
Me tilrår difor sterkt å teikne ei reiseforsikring!
-
Breturen kl. 10:15 og 11:45 passar med rutetida til Brebussen frå Sogndal.
Informasjon om busstransport:
-
Hotell og campingplassar i Jostedalen:
Jostedal Hotell ca. 5 km frå Nigardsbreen.
Jostedal Camping med moderne hytter, ca. 5 km frå Nigardsbreen.
Jostedalen Lodge feriehus, ca. 15 km frå Nigardsbreen.
-
I Gjerde, berre 6 km frå Nigardsbreen, finst det og ein velassortert daglegvarebutikk – Joker – og ein bensinstasjon.


For å sjå opningstidene, ver venleg og bruk denne lenka
-
For gjeldande vermelding klikk her
