Opplev breen i en lite gruppe
INFO

Breføring på Nigardsbreen: "EARLY BIRD" - DELUXE BLÅISTUR

Opplev blåisen på NIGARDSBREEN i ei lita gruppe på maks. 6 pers. og før alle andre turistar besøker breen. Me tek dagens fyrste båt over Nigardsbrevatnet og opplever i ei unik brenatur kor fint det er å vere ein tidleg 'morgonfugl' på tur i blåisen.

I ei lita gruppe vil du få god kontakt med breføraren. Han svarar gjerne på spørsmål om breen eller om lokalhistorie knytta til bygda Jostedalen og Jostedalsbreen. Før turen startar vil ein få ei grundig innføring i bruken av tau, isøks og stegjarn.

Inkludert i turen er og ein lunsjpakke (informer oss dersom du er vegetarianar) samt billett til utstillingane på Breheimsenteret.

Bestill nå!

TOP 40 camera 40  Klikk her for å sjå på bildegalleri 


 TURINFO:

calendar 4010.07 - 25.08 måndag - laurdag.


TIME 40 kl. 9:25


departure 40Avgang kl. 09:45. NB! Kan ikkje kombinerast med Brebussen.


ATTENTION 40 iconMin. 12 år.


PLACE 40Nigardsbreen parkeringsplass ved servicebygget ved skilt GUIDE.

klokke 40Totalt  ca. 5 timar og ca. 2,5 timar på isen.


utstyr 40Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke. Fleire tips om utstyr


brevandring middel 40Erfaring frå fjellturar.


persons 40Min. 2 og maks. 6 pers. per førar.


money 40Kr. 1190.- inkl. utstillingane på Breheimsenteret, matpakke og breutstyr.


ticket 40Online-booking eller dersom det fortsatt er ledige plassar; på Breheimsenteret (kort eller kontant) min. 30 min før turstart eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.


 

 


 

TOP 40