Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Normalruta via Uranosbreen og nordryggen

Uranostind (2157 moh)

FAKTA INFO

Pris per pers. (2-10 pers) Alder: 12+
kr1,495
Pris per pers: Privat gruppe 2-3 personar Alder: 10+
kr2,895
Pris per pers: Privat gruppe 4-6 personar Alder: 10+
kr1,735
Pris per pers: Privat gruppe 7-10 personar Alder. 10+
kr1,495

Ein majestetisk fjelltopp i Jotunheimen.

Noko utsett og eksponert på toppeggen. Fin utsikt mot m.a. Falketind og Stølsnostind.

Utg. pkt. for turen til Uranostind er bommen ved bilvegen i Koldedalen. Derifrå går ein på god sti mot Urdadalsvatnet som ein steingår i utløpsosen og vidare mot Uranosbreen, opp breen på is og snø og vidare opp den breie nordryggen til ein kjem til den smale og luftige eggen på toppen av Uranostind.

Ein går normalruta, dvs. via Uranosbreen og opp nordryggen. Slingsbytinden som ligg rett nord for Uranostinden kan og få ein visitt om det er tid og mulegheit for det. Noko luftig og utsett på toppeggen av Uranostind. Fin utsikt mot m.a. Falketind og Stølsnostind.

Tilleggsinformasjon

Du treng god kondisjon og turerfaring frå høgfjellet. Turen kan bestillast online på heimesida vår.

Privat turar

Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen

Kva skal ein ta med

Sekk, fjellsko/fjellstøvlar, varme! og vindtette klede, lue og vottar samt mat og drikke (termos) for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.