Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Falketind

Raske detaljer

Vaksen 16+
kr1,595
Born 12+
kr1,260
Total Pris: Privat gruppe (1-3 personar) 12+
kr5,500
Pris per pers: Privat gruppe (4-6 personar) 12+
kr1,785

Flott fjelltur i alpint terreng!

Falketind via Pionerruta vart klatra for fyrste gong i 1820. Det var det fyrste fjellet av «alpin karakter» som vart klatra i Noreg.

Pionerruta går frå Koldedalen opp til Snøggeken/Falkebreen. Over denne og vidare med lett klatring grad 2-2+ i tau opp fjellsida til ryggen mellom Falketind (2067) og Stølsnostind (2074). Deretter kort og lett opp fjellryggen til toppen av Falketind. Retur via same ruta.

Tilleggsinformasjon

Klatreteknisk er ruta enkel, med vedvarande klyveklatring opp til grad 2–2+. Sikring med tau er naudsynt.

Kva skal ein ta med

Sekk, fjellsko/fjellstøvlar, varme! og vindtette klede, lue og vottar samt mat og drikke (termos) for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.