- Via den historiske Pionerruta
- 12+ Alder 12+
- 10-11 timar Varigheit 10-11 timar
- Topptur Kategori Topptur
Fin og utfordrande fjelltur i alpint terreng
FAKTA INFO
Fotturen startar i enden av Koldedalen og kryssar opp Falkbreen till innsteget. Deretter opp Pionerruta (grad 2-2+) til fjellryggen mellom Falketind og Stølsnostind. Ein går opp på Falketind fyrst.
Deretter går/klyv ein langsmed ryggen retning Stølsnostind og vidare over 2001-toppen. Ein sikrar over eit svaparti ned mot sjølve skaret før ein klyv opp til hovudtoppen på Stølsnostind.
Returen går ned i nord over Stølsnosbreen og vidare søraustover mot Falkbreen og tilbake til utg.pkt. i Koldedalen.
Ein flott alpin rundtur i eit imponerande fjellområde.
Ein treng god kondisjon og turerfaring frå høgfjellet.
Maks. 3 deltakarar per førar.
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen
Sekk, fjellsko/fjellstøvlar, varme! og vind-/vasstette klede, lue og vottar samt mat og varm drikke (termos) for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.