Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Store Austabotntind (2204 moh)

FAKTA INFO

Gruppe (1person) Alder: 15+
kr5,990.00
Gruppe (2-3 personar). Per pers. Alder. 15+
kr3,550.00

Flott og eksponert klyve/klatretur

Store Austabotntind (2204 moh) er ein av dei mest markerte toppane i Vest-Jotunheimen, og ein av de flottaste klyveturane ein kan tenkje seg.

Ein startar frå parkeringsplassen ved bilvegen på Berdalsbandet (1315), like nord for bomstasjonen, og går fyrst opp på den luftige Vesttoppen utan å trenge tau og sikringsutstyr. Derifrå ser det vanskeleg ut å kome vidare mot hovudtoppen men når ein fyrst har byrja å bevege seg ned mot ryggen, dukkar vegen fram medan ein går. Ein følgjer den eksponerte ryggen, heile tida med eit praktfullt utsyn mot dei andre toppane i Hurrungane. Langs ryggen opp mot toppen er det nokre parti med lett klatring og ein går heile vegen sikra i tau fordi det er eksponert.

Turen inneber ikkje krevjande klatring, men den er luftig og eksponert (ikkje minst toppvarden!).

Tilleggsinformasjon

God kondisjon og turerfaring frå høgfjellet. Maks. 3 pers. per førar.