Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Storen (2405 moh)

FAKTA INFO

Gruppe 1 person

Alder: 18+

kr 7,340.00

Gruppe 2 personar, per person

Alder: 15+

kr 4,880.00

Fjellklatring grad 3-4

Storen (Store Skagastølstind, 2405 moh) treng vel strengt tatt ingen nærmare presentasjon, men likevel: Noregs tredje høgste fjell (2405 moh) etter Galdhøpiggen (2469 moh) og Glittertind (2465 moh). Fyrstebestigning vart gjort av engelskmannen William Cecil Slingsby 21. juli i 1876, det tredje året med forsøk på å kome seg opp på toppen. Fjellet var sett på som umogleg å bestige før dette, og er det einaste av de tre høgste fjella i Noreg som krev klatreferdigheiter.

Turen startar ved Turtagrø og går på god sti inn Skagadalen via Tindeklubhytta (NTK) og opp til Hytta på Bandet. Derifrå opp via svaa til Hjørnet, travers av Galleriet og deretter opp Heftyerenna og vidare lett til topps. Retur er med ein 50-60 meters rapell direkte ned til Hjørnet og vidare langs same ruta tilbake til Turtagrø.

Bestilling

Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen