FAKTA INFO
Privat tur for 2-3 pers. - pris per pers
Alder: 12+
kr 3,485.00
Privat tur for 4-6 pers. - pris per pers.
Alder: 12+
kr 2,105.00
Privat tur for 7-10 pers. - pris per pers.
Alder. 12+
kr 1,800.00
Ein majestetisk fjelltopp i Jotunheimen
Noko luftig og eksponert på toppeggen. Fin utsikt mot m.a. Falketind og Stølsnostind.
Utg. pkt. for turen til Uranostind er bommen ved bilvegen i Koldedalen. Derifrå går ein på god sti mot Urdadalsvatnet som ein steingår i utløpsosen og vidare mot Uranosbreen, opp breen på is og snø og vidare opp den breie nordryggen til ein kjem til den smale og luftige eggen på toppen av Uranostind.
Ein går normalruta, dvs. via Uranosbreen og opp nordryggen. Slingsbytinden som ligg rett nord for Uranostinden kan og få ein visitt om det er tid og mulegheit for det. Noko luftig og eksponert på toppeggen av Uranostind. Fin utsikt mot m.a. Falketind og Stølsnostind.
Bestilling
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek 6% gjestegebyr for bookingtjenestene sine.
-
Inkludert
Føring og klatreutstyr som sele, hjelm, stegjarn og isøks.
Ikkje inkludert
Mat, drikke og overnatting.
-
- Fondsbu Turisthytte (DNT) kl. 21:00 kvelden før, eller etter avtale.
-
- Fjellsko/fjellstøvlar, varme og vind-/vasstette klede, lue og vottar samt mat og drikke, inkl. termos, for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.
-
- Bre og fjelltur, litt luftig på toppeggen.
- Du treng god kondisjon og turerfaring frå høgfjellet.
- Max. 10 pers per førar
-
- Barn under 18 år må være i følge med ein forelder eller føresett.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av verforhold eller andre uføresette forhold/omstendigheiter