Uranostind

Raske detaljer

Gruppe total pris (1 - 3 personer) 12+
kr6,195
Gruppe pris per pers. (4 - 6 personer) 12+
kr1,575
Gruppe pris per pers. (7 - 10 personer) 12+
kr1,320

Noko utsett og eksponert på toppeggen med flott utsikt mot m.a. Falketind og Stølsnostind!

Utg. pkt. for turen til Uranostind er bommen ved bilvegen i Koldedalen. Derifrå går ein på god sti mot Urdadalsvatnet som ein steingår i utløpsosen og vidare mot Uranosbreen, opp breen på is og snø og vidare opp den breie nordryggen til ein kjem til den smale og luftige eggen på toppen av Uranostind.

Ein går normalruta, dvs. via Uranosbreen og opp nordryggen. Slingsbytinden som ligg rett nord for Uranostinden kan og få ein visitt om det er tid og mulegheit. Noko luftig og utsett på toppen av Uranostind og med flott utsikt mot m.a. Falketind og Stølsnostind.

Tilleggsinformasjon

Du treng god kondisjon og turrfaring frå høgfjellet. Turen kan berre bestilles som privattur

Kva skal ein ta med

Sekk, fjellsko/fjellstøvlar, varme! og vindtette klede, lue og vottar samt mat og drikke (termos) for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.