Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • For dei som ynskjer å bli kvalifisert som NF-breinstruktør på nivå II

NF-Metodeseminar bre (II)

FAKTA INFO

Pris 18+
kr3,990

Metodeseminaret (3 dagar) er obligatorisk for godkjende NF-breinstruktørar (I) og som ynskjer å kvalifisere seg til nivå II bre. I tillegg gjev kurset ein fagleg oppdatering/vedlikehald av kompetanse gjennom erfaringsutveksling med andre instruktørar og fagmiljø.

Deltakarane skal på seminaret vise god evne til vidaregåande kameratredning og elles solid generell eigenferdigheit på bre.

På seminaret blir det og informert om den alpine fjellredningstenesta på bre med deira utstyr og metodar.

Det blir i tillegg diskusjonar om føraren/instruktøren si rolle ved ulukker m.m. Rednings- og metodeseminar bre (II) blir gjennomført på Nigardsbreen i Jostedalen.

Kurset/seminaret er for NF-breinstruktørar på nivå I og som ynskjer å bli godkjent på nivå II.

NB! NF-Metodeseminar bre (II) blir ikkje arrangert i 2021.