Early Bird Deluxe Blåistur

Raske detaljer

Voksen (2-6 personar) 12+
kr1,190
Total Pris: Privat gruppe (1-3 personar) 10+
kr4,399
Pris per pers: Privat gruppe (4-6 personar) 10+
kr1,210

Før alle andre!

Opplev blåisen på Nigardsbreen i ei lita gruppe på maks. 6 pers. og før alle andre turistar besøker breen. Me tek dagens fyrste båt over Nigardsbrevatnet og opplever i ei unik brenatur kor fint det er å vere ein tidleg ‘morgonfugl’ på tur i blåisen.

I ei lita gruppe vil du få god kontakt med breføraren. Han svarar gjerne på spørsmål om breen eller om lokalhistorie knytta til bygda Jostedalen og Jostedalsbreen. Før turen startar vil ein få ei grundig innføring i bruken av tau, isøks og stegjarn.

Inkludert i turen er og ein lunsjpakke (informer oss dersom du er vegetarianar) samt billett til utstillingane på Breheimsenteret.

Kva skal ein ta med

Klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, hanskar, solbriller, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke.