Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Går høgare opp på Nigardsbreen!

Lang Blåistur

FAKTA INFO

Pris 1-14 pers. - 2026

Min. alder 12

kr 985.00

Privat tur 2-3 pers. – Totalpris - 2026

Min. alder 10

kr 5,270.00

Privat tur 4+ pers - Pris per pers - 2026

Min. alder 10

kr 1,485.00

Flott tur mellom djupe bresprekkar og høge istårn – ei oppleving du seint vil gløyme!

Ei vandring mellom djupe bresprekkar og høge istårn som gjev deg kjensla av å oppdage og utforske kva ein bre verkeleg er. Turen er lang nok til at me rekk å oppsøkje dei mest interessante og spennande områda av bretunga på Nigardsbreen.

Det er ikkje ein hard eller kondisjonskrevjande tur sjølv om ein går noko lenger opp i brefallet enn på den korte blåisturen. Ein har undervegs godt utsyn til dei øvre og snødekte delane av Nigardsbreen og Jostedalsbreen.

Private turar

Ver venleg å ta kontakt på e-post  og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen (frammøtetid mellom kl. 09:45 og 12:00 er mogleg) samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen