FAKTA INFO
Privat tur for 1 pers.
Alder: 18+
kr 9,190.00
Lang og luftig med mykje klyving og klatring grad 3-4
Skagastølsryggen strekkjer seg fra Nordre Skagastølstind over Skagastølsnebbet, Midtre-, og Vetle Skagastølstind via Mohns skar til Store Skagastølstind (2405 moh), som er den høgste toppen i Hurrungane-massivet. Traversen er lang, luftig og vedvarande eksponert med mykje klyving. V-skardet til Midtre må klatrast. I tillegg tausikrast og rappellerast fleire parti, bl.a. rapell frå Vesle Skagastølstind til Mohns skar og tauklatring over Patchells sva.
Bestilling
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek 6% gjestegebyr for bookingtenestene sine.
-
Inkludert
- Føring og klatreutstyr som sele, hjelm, stegjarn og isøks.
Ikkje inkludert
- Mat, drikke og overnatting.
-
Etter avtale, fram før Turtagrø Hotell.
-
- Fjellsko/fjellstøvlar, varme og vind-/vasstette klede, lue og vottar samt mat og drikke, inkl. termos, for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.
-
- God kondisjon og turerfaring frå høgfjellet
- Lang og luftig med mykje klyving og klatring grad 3-4
- Maks. 1 pers. per førar
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av ver-/føreforhold eller andre uføresette forhold/omstende.