FAKTA INFO
Pris for 1 person
Alder: 18+
kr 7,710.00
Pris per pers: 2 personar
Alder: 12+
kr 5,125.00
Pris per pers: 3 personar
Alder: 12+
kr 4,460.00
Opplev den flotte utsikta på to fjelltoppar over 2000 moh.
Fotturen startar i enden av Koldedalen og kryssar opp Falkbreen till innsteget. Deretter opp Pionerruta (grad 2-2+) til fjellryggen mellom Falketind og Stølsnostind. Ein går opp på Falketind fyrst.
Deretter går/klyv ein langsmed ryggen retning Stølsnostind og vidare over 2001-toppen. Ein sikrar over eit svaparti ned mot sjølve skaret før ein klyv opp til hovudtoppen på Stølsnostind.
Returen går ned i nord over Stølsnosbreen og vidare søraustover mot Falkbreen og tilbake til utg.pkt. i Koldedalen.
Ein flott alpin rundtur i eit imponerande fjellområde.
Bestilling
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek 6% gjestegebyr for bookingtjenestene sine
-
Inkludert
- Føring og klatreutstyr som sele, hjelm, stegjarn og isøks.
Ikkje inkludert
- Mat, drikke og overnatting.
-
- Fondsbu Turisthytte (DNT) kl. 21:00 kvelden før, eller etter avtale.
-
- Fjellsko/fjellstøvlar, varme og vind-/vasstette klede, lue og vottar samt mat og drikke, inkl. termos, for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.
-
Ein treng god kondisjon og turerfaring frå høgfjellet.
Maks. 3 deltakarar per førar.
-
- Barn under 18 år må være i følge med ein forelder eller føresett.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av verforhold eller andre uføresette forhold/omstendigheiter