FAKTA INFO
Privat tur for 1 pers.
Alder: 15+
kr 7,940.00
Privat tur for 2 pers. - pris per pers.
Alder: 15+
kr 5,275.00
Dyrhaugsryggen ligg i Noregs mest alpine fjellområde
Turen startar ved Turtagrø (884) og eit lite stykke over Hytta på Bandet (1758) startar klatringa med fleire taulengder grad 3-4 opp på Søre Dyrhaugstind (2072). Turen vidare byr på ein del luftig klyving frå Søre og over Midtre, Store og Nordre Dyrhaugstind. Dyrhaugsryggen ligg sentralt i Hurrungane og gjev flott utsikt mot Skagastølsryggen inkl. Storen, Ringstindane, Store Austabotntind og Soleibotntindane som fine blikkfang.
Bestilling
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek 6% gjestegebyr for bookingtenestene sine.
-
Inkludert
- Føring og klatreutstyr som sele, hjelm, stegjarn og isøks.
Ikkje inkludert
- Mat, drikke og overnatting.
-
Etter avtale på Turtagrø.
-
- Fjellsko/fjellstøvlar, varme og vind-/vasstette klede, lue og vottar samt mat og drikke, inkl. termos, for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.
-
- God kondisjon og turerfaring frå høgfjellet
- Fleire taulengder med fjellklatring grad 3-4
- Maks. 2 personar per førar
-
- Barn under 18 år må vere i følge med ein forelder eller føresett.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av ver-/føreforhold eller andre uføresette forhold/omstende.