FAKTA INFO
Gruppe 1 person
Alder: 15+
kr 7,710.00
Gruppe 2 personar - per person
Alder: 15+
kr 5,125.00
Dyrhaugsryggen ligg i Noregs mest alpine fjellområde
Turen startar ved Turtagrø (884) og eit lite stykke over Hytta på Bandet (1758) startar klatringa med fleire taulengder grad 3-4 opp på Søre Dyrhaugstind (2072). Turen vidare byr på ein del bratt og luftig klyving frå Søre og over Midtre, Store og Nordre Dyrhaugstind. Dyrhaugsryggen ligg sentralt i Hurrungane og gjev flott utsikt mot Skagastølsryggen inkl. Storen, Ringstindane, Store Austabotntind og Soleibotntindane som fine blikkfang.
Bestilling
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek 6% gjestegebyr for bookingtjenestene sine