FAKTA INFO
Privat tur for 1 pers.
Alder: 18+
kr 6,815.00
Privat tur for 2 pers. - pris per pers
Alder. 15+
kr 4,095.00
Privat tur for 2 pers. - pris per pers
Alder. 15+
kr 3,785.00
Flott og eksponert klyve/klatretur
Store Austabotntind på 2204 moh. er ein av dei mest markerte toppane i Vest-Jotunheimen og ein av de flottaste klyveturane ein kan tenkje seg.
Ein startar frå parkeringsplassen ved bilvegen på Berdalsbandet (1315), like nord for bomstasjonen, og går fyrst opp på den luftige Vesttoppen utan å trenge tau og sikringsutstyr. Derifrå ser det vanskeleg ut å kome vidare mot hovudtoppen men når ein fyrst har byrja å bevege seg ned mot ryggen, dukkar vegen fram medan ein går. Ein følgjer den eksponerte ryggen, heile tida med eit praktfullt utsyn mot dei andre toppane i Hurrungane. Langs ryggen opp mot toppen er det nokre parti med lett klatring og ein går heile vegen sikra i tau fordi det er eksponert.
Turen inneber ikkje krevjande klatring, men den er luftig og eksponert, ikkje minst toppvarden.
Bestilling
Ver venleg å ta kontakt på e-post (ikkje på telefon) om turdato samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen.
Ver merksam på at bookingselskapet FareHarbor tek 6% gjestegebyr for bookingtjenestene sine.
-
Inkludert
- Føring og klatreutstyr som sele, hjelm, stegjarn og isøks.
Ikkje inkludert
- Mat, drikke og overnatting.
-
Etter avtale, fram før Turtagrø Hotell eller på Berdalsbandet.
-
- Fjellsko/fjellstøvlar, varme og vind-/vasstette klede, lue og vottar samt mat og drikke, inkl. termos, for ein lang dag ute på tur i høgfjellet.
-
- God kondisjon og turerfaring frå høgfjellet.
- Turen inneber ikkje krevjande klatring, men den er luftig og eksponert, ikkje minst toppvarden.
- Maks. 3 pers. per førar
-
- Barn under 18 år må være i følge med ein forelder eller føresett.
-
Avbestilling per e-post innan 14 dagar er gratis, frå 13-7 dagar før start er gebyret 50%, frå 6-4 dagar før start er det 75% og frå 3 dagar før start er det 100% Kunden vil motta full refusjon med min. 2 vekers varsel om avbestilling.
Ombestilling er mogleg etter denne fristen, inntil 3 dagar før turen startar. NB! Berre ein ombestilling av turen er mogleg. Dersom ein tur blir utsett og seinare avlyst, refunderer me ikkje beløpet.Kunden vil motta full refusjon i tilfelle avlysing frå arrangøren på grunn av verforhold eller andre uføresette forhold/omstendigheiter