Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Fin tur for barnefamiliar!

Spesial Blåistur for barn

FAKTA INFO

Vaksen - 2026

Alder 12+

kr 860.00

Born - 2026

Alder 8-12

kr 735.00

Privat tur 2-3 pers. – Totalpris 2026

Min. alder 8

kr 4,790.00

Privat tur 4+ pers - Pris per pers. 2026

Min. alder 8

kr 1,180.00

Perfekt tur for foreldre med spreke ungar som likar utfordringar!

Har du spreke, naturglade ungar i familien og som likar utfordringar?

Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BARN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Denne blåisturen er for foreldre med spreke ungar frå 8 år som har tidlegare turerfaring og som likar å vere ute på tur i naturen. For vaksne utan born, eller med mest vaksne ungar (min. alder 12 år), bør du velje ‘Kort Blåistur’ som er same type blåistur.

Private turar

Ver venleg å ta kontakt på e-post og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen. Frammøtetid mellom kl. 09:45 og 12:30 er mogleg samt talet på personar i gruppa. Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen