Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
  • Fin tur for barnefamiliar!

Spesial Blåistur for barn

FAKTA INFO

Vaksen - 2027

Alder 12+

kr 885.00

Born - 2027

Alder 8-12

kr 755.00

Privat tur 2-3 pers. – Totalpris 2027

Min. alder 8

kr 4,935.00

Privat tur 4+ pers - Pris per pers. 2027

Min. alder 8

kr 1,215.00

Perfekt tur for foreldre med spreke ungar som likar utfordringar!

Har du spreke, naturglade ungar i familien og som likar utfordringar?

Er svaret ja, då er SPESIALTUR FOR BARN det rette valet. Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Denne blåisturen er for foreldre med spreke ungar frå 8 år som har tidlegare turerfaring og som likar å vere ute på tur i naturen. For vaksne utan born, eller med mest vaksne ungar (min. alder 12 år), bør du velje ‘Kort Blåistur’ som er same type blåistur.

Private turar

Ver venleg å ta kontakt på e-post og ikkje på telefon om kva type blåistur de ynskjer, turdato, kva tid de ynskjer å starte turen samt talet på personar i gruppa. I 2027 vil den første båten leggje frå allereie kl. 09.30. Det er derfor mogleg å avtale møtetidspunkt mellom kl. 09.15 og 12.30.
Dersom me har ledig førar på aktuell turdato, vil de motta ein bestillingslenke for turen. Når turavgifta er betalt er påmeldinga gyldig og forpliktande for den reserverte turen